Køyrde av vegen i 30-sone
(Foto: Illustrasjon)

Køyrde av vegen i 30-sone

Ein bil har køyrd av vegen i 30-sona på Kaupanger.

Kaupanger: Politiet melde om uhellet i 15.30-tida. Då hadde ein bil køyrd av vegen i ei 30-sone på Kaupanger, men ingen personar skal ha kome til skade.

Politiet var i kontakt med førar av bilen, som ikkje hadde gyldig førarkort. 

Til toppen