Lærdal: Søndag kveld hadde UP kontroll i 80-sona i Lærdalsdalen. Der var det mange som ikkje fulgte fartsgrensa, fortel politiet i Sogn og Fjordane på Twitter.
Heile tolv forenkla førelegg var fangsten då kontrollen var over. For ein av sjåførane var det ikkje mykje om å gjere før lappen kunne ha roke. Vedkommande vart mål i 108 km/t i 80-sona.