Årdal: Klokka 23:25 laurdag kveld ringte ein tilfeldig forbipasserande politiet etter at ein bil hadde køyrd ned eit gjerde utanfor Farnes barneskule i Øvre Årdal.
Politiet var ute på patrulje og var tilfeldigvis i nærleiken då dei fekk meldinga.
– Me var 20 sekundar unna, og på veg til staden møtte me bilen på vegen. Me søkte etter han igjennom natta, men fann han ikkje før på sundag morgon, seier tenestestadsleiar for politiet i Årdal, Magne Knudsen, til Porten.no.

Den aktuelle bilen stod på Vee-sida sundag morgon. Truleg har føraren køyrd dit og parkert etter kræsjet, seier Knudsen.
Ønskjer tips frå publikum
Politiet har sjekka registreringsnummeret og vore i kontakt med eigaren av bilen. Saka vert etterforska.
Vidare har Knudsen ingen kommentar om kven den aktuelle gjerningspersonen kan vera.
– Me har funne bilen, og er veldig interesserte i informasjon frå publikum om nokon har sett ein skadd bil køyra i sentrum natt til sundag i tidsrommet mellom klokka 23:23 og 00:00, seier han.
Har du informasjon om saka? Då kan du ta kontakt med politiet i Årdal på tlf 57648780.