Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto (Foto: arkiv)

Køyrt heim etter å ha brukt narkotika

Røykte hasj.

Sogndal: Politiet twitra natt til laurdag at ei patrulje i 2330-tida hadde køyrt heim ein mann i 20-åra i Sogndal. Årsaka var at han hadde røykt hasj, og han blir meld for forholdet.

Det var også røykutvikling i ein elektrisk omn i ein einebustad i Gaupne. Her vart det først meldt at ei kvinne i 90-åra var sendt til Lærdal sjukehus for observasjon grunna røykskader, men seinare vart det meldt at kvinna vart sendt til Førde sentralsjukehus.

Til toppen