Køyrte for fort i 60-sone – mista lappen
(Foto: Illustrasjon)

Køyrte for fort i 60-sone – mista lappen

UP har hatt kontroll av både fart og rus i Sogndal.

Sogndal: UP gjennomførte ein fartskontroll på fylkesveg 55 i Fardal måndag. Kontrollen vart gjennomført i ei 60-sone, og der var det ein som køyrte altfor fort.

Vedkommande blei målt i 88 kilometer i timen, noko som betyr at førarkortet vert kverrsett og personen blir meld. 

UP har også hatt ruskontroll i Sogndal sentrum. Her vart 40 sjåførar kontrollert, men ingen gav utslag. Det var likevel ein som fekk med seg gebyr for manglande førarkort. 

Til toppen