Køyrte i hundre i 80-sone

Køyrte i hundre i 80-sone

Då vankar det bot. 

Sogndal: Politiet skreiv ut sju forenkla førelegg i Sogndal torsdag då dei hadde fartskontroll i ei 80-sone.

Seks av desse var for høg fart, der den som køyrte fortast låg i 100 kilometer i timen. I tillegg fekk ein sjåfør bot for å bruke mobiltelefon i bilen.

Også på morgonkvisten torsdag hadde politiet kontroll, då i Årdal. Kontrollen vart gjort ved Tangen skule, der dei sjekka beltebruk, dokument og promille. Her var alt i orden.

 

Til toppen