Lærdal: To hjortar fekk søndag ettermiddag og kveld eit ublidt møte med trafikken i Lærdal og på Kaupanger.
Verst gjekk det ut over hjorten i Lærdal som vart drept av påkøyrsla. Sjåførar som køyrer på dyr i trafikken er pliktig til å melde frå om slikt, men denne sjåføren gjorde ikkje det.
Det blei derimot gjort for uhellet på Kaupanger, slik at viltnemnda kunne rykke ut og drive ettersøk.