Køyrte utan førarkort og burning i sentrum
(Foto: Illustrasjon)

Køyrte utan førarkort og burning i sentrum

Ei travel natt for politiet i Sogn og Fjordane.

Lærdal: Det var nok av hendingar i heile Sogn og Fjordane å ta tak i for politiet laurdag kveld og natt til søndag.

I Sogn derimot, var det ikkje like hektisk. Politiet hadde mellom anna kontroll i Lærdal, der dei kontrollerte 22 køyretøy. 

To av desse enda opp med å bli melde. Den eine fordi vedkommande køyrte utan førarkort, medan den andre hadde lånt ein bil utan å ha førarrett.

I Sogndal var nattas melding også realtert til bilar. I 02.00-tida fekk politiet melding om bilar som køyrte rundt i sentrum og sladda, men då politiet fór forbi, såg dei ingenting. 

Til toppen