Helge Robert Midtbø og Hilmar Høl i Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Foto: Jostein Vedvik.
meiningar
Helge Robert Midtbø og Hilmar Høl i Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Foto: Jostein Vedvik.
meiningar

Kraft og handlekraft: Arbeidarpartiet krev rimeleg nettleige

MEINING: Vi krev at styresmaktene straks gjennomfører ordningar som fører til ei rettferdig fordeling av kostnadane i straumnettet.

Det er uakseptabelt at innbyggarane og næringslivet i fylket må bære dei auka nettkostnadane for å utnytte dei fornybare ressursane våre som eit følgje av nasjonale målsettingar.

I følgje NVE (2016) er skilnaden mellom høgaste og lågaste nettleie 12 000 kroner/år for ein normal husholdning. I enkelte område av landet opplever nettkundane ei dobling av nettleiga. Hovudproblemet når det gjeld dei høgste tariffane er at fornybarpotensialet og investeringsbehovet i nettet er størst der det er få kundar.

Kraftprodusentane si nettleige dekkjer berre Statnett sine kostnadar, ikkje kostnadane i det regionale nettet. Dei lokale forbrukskundane, husholdningar og industri, må difor ta rekninga om ikkje nettselskapa let være å investere for å unngå utåleleg høg nettleige. Det konkurransefortrinnet som fornybarregionane kunne hatt for å trekke til seg investeringar i både fornybarproduksjon og kraftintensive næringar vert difor svekka.

Konsekvensen av høg nettleige er høgre driftskostnadar enn det er i sentrale strok for næringslivet som etablerer seg her. Dette er konkurransevridande og har ein sentraliserande effekt. Folk flest betalar og ei langt høgare nettleige i Sogn og Fjordane enn Bergen og Oslo. Dette er ikkje rett.

Einstemmig vedtak i Sogn og Fjordane AP

For ei veke sidan vedtok Sogn og Fjordane Arbeidarparti ein einstemmig resolusjon om å få på plass ei Nasjonal utjamning av nettleiga. Dette blir fulgt opp på landsmøte i april. Nokre av dei viktigaste nøkkelpunkta er at: 

•    Samanslåing av nettselskap ikkje er løysinga på dei store tariffskilnadane.  Dei store skilnadane kan tvert om være til hinder for rasjonelle samanslåingar.

•    Vår kraftintensive industri må skjermast.

•    Vi krev eit utjamnande fond som sikrar medfinansiering til nettprosjekt som kjem som følgje av ny fornybar produksjon.

Ei slik nasjonal utjamning vil sikre at lokale nettselskap kan få redusert nettleiga utan at dei treng å slå seg saman med store nettselskapa i dei store byane. Det er viktig for arbeiderpartiet at vi fortsatt skal ha lokale nettselskap og energiverk i Sogn og Fjordane med lokalt eigarskap. Ei endring i fordeling av nettariffane til fordel for regionalnettet og innføring av utjamningsfond vil ikkje ha nemneverdige juridiske konsekvensar og vil heller ikkje kome i konflikt med EU/EØS regelverket om statstøtte.

Dagens ordning der vi tek kostnadane ved ei nasjonal målsetting om auka kraftproduksjon, er på grensa til uansvarleg for både folk og næring her i Sogn og Fjordane. 

No er det på tide med litt handlekraft.

Hilmar Høl, Fylkespartileiar 
Helge Robert Midtbø, 3. kandidat til stortingslista
Sogn og Fjordane Arbeidarparti

Til toppen