ENERGIKONSERN: Lærdal kommune, Lærdal Energi og Okken Kraft Lærdal ønskjer å danne «eit sterkt energikonsern» for å møta utfordringane i kraftbransjen.
ENERGIKONSERN: Lærdal kommune, Lærdal Energi og Okken Kraft Lærdal ønskjer å danne «eit sterkt energikonsern» for å møta utfordringane i kraftbransjen. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Kraftaktørar ønskjer å danne «eit sterkt energikonsern» i Lærdal

Skal gi eit anna grunnlag for utnytting og vekst basert på ressursar og kompetanse som finst i kommunen frå før. 

Lærdal: Det er Lærdal kommune, Okken Kraft Lærdal KF og Lærdal Energi AS som meiner det vil vera føremålstenleg å danna eit energikonsern. Partane er allereie samde om å gjennomføra ei felles utgreiing med utgangspunkt i dei tre partane sine behov og rammer.

Dei tre partane er tett knytt saman mellom anna gjennom eigarskap og utbytte. Kommunen vurderer no å omdanna Okken Kraft til eit aksjeselskap. 

Samstundes står Lærdal Energi føre store endringar i energibransjen som vil tre i kraft ved årskiftet. Kommunen hentar utbytte frå Lærdal Energi, men moglegheita for å gjera dette kjem i konflikt med selskapa sine utviklingsbehov. På toppen av dette har inntektene svinga og skapt uvisse kring rammene for den kommunale tenesteproduksjonen.

Ulike løysingar

Rådmannen meiner det vil vera klokt av kommunen å gå inn i ein utgreiingsprosess for å sjå kva organisatoriske løysingar ein kan koma ut med, der målet er utvikling av arbeidsplassar og stabile ramme for kommunen som tenesteytar. 

Gjennom utgreiinga bind kommunen seg ikkje opp til ei løysing, men får presentert ei eller fleire moglege løysingar som ein kan ta stilling til gjennom ein politisk prosess vinteren 2018.

Frist til 1. desember

Gro Starheimsæter i Senterpartiet er glad for at ein intensjonsavtale no er komen på bordet.

– Men eg kunne ønskt meg at me gjer oss klar til å fatta eit vedtak i desember-møtet. Dette har me snakka om i mange år, og no må me snart byrja å gjera vedtak, sa ho då formannskapet handsama saka torsdag denne veka.

– Me har mange tunge oppgåver føre oss. Dette er eit arbeid som må gjerast på skikkeleg måte. Me har snakka om å vera ferdig til 1. januar. Det viktige her er den politiske debatten som kjem etterpå. Me må ha tilstrekkeleg tid til det, svara Alf Olsen jr. og meinte at eit vedtak heller kunne fattast i dei første møta etter nyttår.

Men politikarane ville ha det unnagjort før. Difor vart det sett 1. desember som frist for å ha ulike løysingsmodellar klart.

Til toppen