Indre Sogn: Totalt mista 38 personar livet i trafikken mellom årsskiftet og mai. Det er elleve fleire enn det rekordlåge talet i same periode i fjor. Med 27 omkomne var 2015-talet det lågaste sidan 1947.
Dødstalet på vegane i dei fire første månadane i år er likevel det nest lågaste dei siste ti åra, og under halvparten av dødstalet i rekordåret 2008, då 77 menneske mista livet i trafikken.
Dei førebelse tala viser at åtte personar omkom på vegane i april i år.
Direktør Jan Johansen i Trygg Trafikk fryktar at dødstala på vegane skal fortsette å stige utover våren og sommaren. Desse månadane er tradisjonelt dei mest ulykkesutsette. Det er mange bilar ute på vegane i helgane og høgtidsdagane.
– I tillegg opplever vi eit meir samansett trafikkbilete med fleire syklistar, mopedistar og motorsyklistar. Alle desse trafikantgruppene har høgare skaderisiko enn bilistane. Særleg gjeld dette MC-førarane, åtvarar Johansen. (©NPK)