SKREDFARE: Kraftige nedbørsmengder fører til betydeleg snøskredfare i Jotunheimen, opplyser NVE. Illustrasjonsfoto: Kaja Nygård.

Kraftig nedbør gir betydeleg snøskredfare

Kraftige nedbørsmengder fører til betydeleg snøskredfare i Jotunheimen, opplyser NVE. 

Jotunheimen: – Med så mykje regn bør ein vere obs på å halde avstand til bratte heng, fordi skreda kan losne av seg sjølv. Det er også lurt å vere oppmerksam på såkalla sigesprekkar i snøen, seier vaktleiar Andreas Haslestad i snøskredvarslinga i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) til NTB.

Snøskredfaren er på nest høgste nivå i Jotunheimen, Hardanger og Vest-Telemark.

– Grunnen til at faregraden aukar er at snøen blir overmetta av vatnet frå dei store nedbørsmengdene. Det kan løyse opp bindingar i snøen og gjere den våt og laus. Heile snøpakker kan skli ut i det vi kallar for glideskred, forklarar Haslestad, som peikar på at snøskredfare er naturleg på denne tida av året, men at situasjonen blir ekstra intens med den kraftige nedbøren.

Fredag gir nedbøren seg, og det blir kaldare til fjells, og då vil skredfaren minke raskt, forsikrar Haslestad.

(©NPK)

Til toppen