NEDGANG: Tala for første halvår viser ein kraftig nedgang i trafikkulykker på norske vegar. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
NEDGANG: Tala for første halvår viser ein kraftig nedgang i trafikkulykker på norske vegar. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Kraftig nedgang i dødsulykker

I første halvår var det markant nedgang i talet på døde i trafikken på norske vegar.

I alt 53 personar mista livet i trafikken i første halvår, mot 75 personar i same periode i fjor. Av dei omkomne første halvår var det elleve kvinner og 42 menn, viser tal frå Trygg Trafikk.

Det var flest omkomne i Aust-Agder (6) i årets seks første månader og færrast i Hordaland, Sør-Trøndelag og Nordland (1).

– No kryssar me fingrane for ein sommar utan mange alvorlege ulykker, seier direktør Jan Johansen i Trygg Trafikk.

I fjor omkom til saman 54 menneske på vegane i juni, juli og august. Det er på nivå med gjennomsnittet for dei siste fem somrane, men tala varierer kraftig frå år til år.

Det førebelse tala viser at elleve personar omkom på vegane i juni. Av dei var det åtte menn og tre kvinner. Fire av dei omkomne var bilførarar, fem var motorsyklistar, ein var syklist og ein var fotgjengar. Dei siste fem åra har i gjennomsnitt 19 personar mista livet i vegtrafikkulykker i juni månad.

Trygg Trafikk sine førebelse tal er basert på politirapporterte ulykker via organisasjonens distriktleiarar i landets 19 fylker. (©NTB)

Til toppen