GOD EFFEKT: Den omstridde fråværsgrensa ser ut til å ha hatt større effekt i vidaregåande skule enn regjeringa håpa på. ​Foto: Halvor Farsund Storvik.
GOD EFFEKT: Den omstridde fråværsgrensa ser ut til å ha hatt større effekt i vidaregåande skule enn regjeringa håpa på. ​Foto: Halvor Farsund Storvik. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Kraftig nedgang i skulefråvær

Den omstridde fråværsgrensa ser ut til å ha hatt større effekt i vidaregåande skule enn regjeringa håpa på. 

TV 2 har samla fråværstal frå fylka i landet som har tala klare og samanlikna dags- og timefråvær frå hausten 2016 med tilsvarande tal for 2015. Hovudinntrykket er stor nedgang i fråværet. I Akershus har for eksempel timefråværet gått ned med 33,3 prosent, mens dagsfråværet har minka med 32,2 prosent. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen er fornøgd.

– Vi har sett at fråværet har falle kraftig på mange skular, sjølv om vi ikkje har endeleg fasit enno. Det er fleire elevar i klasseromma og det viser at fråværsgrensa både er nødvendig og fornuftig, seier Røe Isaksen, som har fått kritikk for fråværsgrensa.

Han seier at fråværsreduksjonen er endå større enn han trudde.

– Det viser jo at det var på tide å stille litt strengare krav til oppmøte, og at det var ein tabbe av dei raudgrøne å fjerne moglegheita til å ha ei fråværsgrense, seier Røe Isaksen.

Trass i ein tydeleg nedgang i fråværet over heile landet, meiner framleis Elevorganisasjonens politiske nestleiar Rahman Chaudhry at innføringa av fråværsgrensa var eit feilgrep.

(©NPK)

Til toppen