14. september kosta straum for levering dei tre første månadene i 2017 knappe 24 øre per kilowattime – dette er ein nettopris før moms, straumavgift og nettleige. Denne grunnprisen var tysdag denne veka stige til nesten 35 øre – ein auke på nesten 46 prosent, skriv E24.
– Førebels har vi bra med vatn i magasina våre i Sør-Noreg. Men i Midt-Noreg er det mindre, og det same i Nord-Noreg. Og ikkje minst er det lite vatn i vassmagasina i Sverige, seier straumprisekspert John Brottemsmo. Han jobbar som kraftanalytikar i kraftmeklarselskapet Bergen Energi og fortel at prisauken blant anna kjem av frykt i marknaden for at månadene framover kan bli kalde og tørre.
Kraftmeteorolog Frode Håvik Korneliussen i StormGeo kan ikkje roe nervane hos krafthandlarane:
– Det har vore tørt no i heile oktober, og det ser ut til å bli nesten like tørt. Slår prognosane til, kan vi få ein rekordtørr oktober i store delar av landet, seier han. (©NPK)