Indre Sogn: Klokka 06:30 melder Statens vegvesen om krevjande køyreforhold på fjellovergangane E16 Filefjell og Fylkesveg 53 Tyin - Årdal.
– Det er kraftig snøvêr og brøytemannskap slit med å holda standarden, melder Statens vegvesen på Twitter.
Vegvesenet oppmodar alle trafikantar til vera ekstra varsame på køyreturen i dag.