EINASTE STENGING: På grunn av uvêr vil Sognefjellet truleg vere stengt for trafikk fram til måndag.
EINASTE STENGING: På grunn av uvêr vil Sognefjellet truleg vere stengt for trafikk fram til måndag. (Bilde: Webkamera/Statens vegvesen)

Kraftig vind og snø, men førebels er berre denne fjellovergangen stengt

Den varsla snøstormen har førebels ikkje skapt altfor mykje krøll på fjellovergangane i Sogn.

Indre Sogn: Bortsett frå Sognefjellet er alle opne for trafikk og dèt ser dei ut til å halda seg. Sjå oversikta nedst i saka!

– Nedbøren kjem på denne sida av midnatt, så blir det bra resten av natta. Noko vind blir det, men det er ikkje meldt noko alvorlege greier. Det er nokre timar no det skal blåsa, så skal det roa seg att, seier Jan Erikstad ved vegtrafikksentralen.

Han fortel at Sognefjellet truleg vil vera stengt heilt til måndag slik meldingane ser ut no. Elles trur han dei skal greia å halda fjellovergangane opne.

KØYRBART: På Hemsedalsfjellet er det stort sett snø- og isdekke, men fullt køyrbart om bilen er rett skodd.
KØYRBART: På Hemsedalsfjellet er det stort sett snø- og isdekke, men fullt køyrbart om bilen er rett skodd. Foto: Webkamera/Statens vegvesen

– Det er ikkje noko som tyder på at det er særleg fare for stengingar, men det blir litt meir vinterføre. Det har blitt litt kaldare, så det som kom som regn i går, det kjem som snø no, seier Erikstad.

Han seier det bles godt mange stader, men at dei sterkaste kasta kjem på strekninga Tyin-Årdal.

– Det byrjar å ta seg opp med vinden der oppe, seier Erikstad. 

Han trur vinden nok vil roa seg litt utover mot kvelden, før det tek seg oppatt på søndag. 

– I morgon blir det jamt med vind, så då blir det surt oppi. Det ser ut til å gjelde alle fjellovergangane, seier Erikstad.

Slik er statusen på fjellovergangane i Indre Sogn: 

  • På europaveg 16 over Filefjell er det bart og vått, med fare for glatte parti. Klokka 14:00 var det èin grad, frisk bris og opphaldsvêr. I morgontimane var det sterk kuling og sludd.
  • På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er det stort sett snø- og isdekke. Klokka 14:00 var det null grader, liten kuling og oppholdsvêr.
  • Fylkesveg 55 over Sognefjellet er stengt på grunn av uvêr og blir ikkje opna i dag.
  • På fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland er det bart og vått, med fare for enkelte glatte parti. Klokka 14:00 var det èin grad, frisk bris og opphaldsvêr.
  • På fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal er det snø- og isdekke. Klokka 14:00 var det null grader, liten kuling og opphaldsvêr.
Til toppen