VIKTIG FOR AURLAND: Stortinget har bedt regjeringa vurdere kapitaliseringsrenta, noko som kan bety at kraftkommunar får tilbake tapte inntekter på eigedomsskatt. Det er ordførar i Aurland, Noralv Distad (H), glad for. Foto: Truls Grane Sylvarnes/Arne Veum.
VIKTIG FOR AURLAND: Stortinget har bedt regjeringa vurdere kapitaliseringsrenta, noko som kan bety at kraftkommunar får tilbake tapte inntekter på eigedomsskatt. Det er ordførar i Aurland, Noralv Distad (H), glad for. Foto: Truls Grane Sylvarnes/Arne Veum.

Kraftinntektene: – Engasjementet har gitt resultat

No håpar leiaren i Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK) at ein kan få på plass dei tapte inntekene umiddelbart. 

Årdal: Måndag vedtok Stortinget budsjettet for 2017, og her kunne ein finne ei setning som kan bety mykje for kommunar i Sogn. 

«Stortinget ber regjeringen vurdere kapitaliseringsrenten i eiendomsskatten på kraftanlegg.»

– Dette viser at engasjementet som LVK-kommunane har hatt, har gitt resultat. Det syner at mobilisering og det store arbeidet medlemskommunane har gjort, kan gi resultat i Stortinget, seier Torfinn Opheim, leiar i LVK.

Setninga betyr at kommunar, som i haust fekk vite at dei kom til å miste eigedomsskatteinntekter på kraftverk, no kan få tilbake desse viktige millionane ved at Finansdepartementet og regjeringa set ned kapitaliseringsrenta.

Som Porten.no har skrive tidlegare, er ei høg rente og låge kraftprisar årsaka til at verdien på norske kraftverk meir eller mindre over natta fall med 54 milliardar. Sidan 2012 har renta stått fast på 4,5 prosent, og ved å justere denne ned, vil eigedomsskatten auke – altså vil kommunane få meir i inntekter.

Vil ha det retta opp umiddelbart

No startar arbeidet med å få dette vurdert så fort som mogleg.

– Når det står at regjeringa vurdere, så er dette ei kjend formulering. Det som er jobben no, er å få regjeringa, det vil seie Finansdepartementet, til å gjera den vurderinga slik at kommunane kan få retta opp i inntektsbortfallet umiddelbart, seier Opheim. 

– Det er ein grunn til at Stortinget gjorde dette vedtaket. Dei er også bekymra for inntektsbortfallet. Viss dei ikkje hadde brydd seg, ville dei ikkje gjort vedtaket. legg han til. 

– Viktig for kommunen

Berre inst i Sognefjorden forsvinn det fleire millionar. Verst går det ut over Luster som tapar 12 millionar kroner. Aurland mistar 10 millionar, Lærdal 6 millionar og Årdal 2,7 millionar kroner. I Lærdal utgjer dette nesten halvparten av dei budsjetterte inntektene. 

– Vedtaket har eg notert med tilfreds. Eg forventar at regjeringa vurderer dette raskt og håpar på verknader allereie frå 2017, seier ordførar i Aurland, Noralv Distad.

For Aurland sin del vil 10 millionar utgjere halve driftsbudsjettet på Aurland barne og ungdomsskule, for å setja pengane i perspektiv.

– Det er klart det betyr mykje. Dette er pengar me meiner me har rett på. Alle er samde om at renta skal setjast til marknadsverdi og at ho er for høg no. 

– Ber ikkje om ferske millionar

Opheim understrekar at det er viktig at renta vert sett til riktig nivå. 

– Kommunane ber ikkje om meir pengar, me ber berre om at lova vert fulgt. Der står det at du skal betale eigedomsskatt på den verdien kraftanlegget har. Me meiner heilt openbert at verdien på anlegga ikkje har falle med 54 milliardar på eitt år. Me ber ikkje om ferske millionar, men at verdien vert sett riktig. 

Til toppen