Det er også det nest høgste nivået som er registrert i Noreg, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.
Den høge kraftproduksjonen kan sjåast isamanheng med store tilsig av vatn. Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat kom det 153 TWh tilsig i 2015, noko som er heile 23 TWh meir enn normalt.
Utbygging av kraftverk og opprusting av eldre kraftverk bidrar også til eit høgare produksjonsnivå over tid.
Vasskraft utgjorde 95,9 prosent av den totalekraftproduksjonen på 145 TWh. Varme- og vindkraft utgjorde høvesvis 2,4 og 1,7 prosent.
Det totale bruttoforbruket av straum var 130,4 TWh i 2015, som er ein auke på 2,9 prosent samanlikna med året før. (©NPK)