PRODUKSJONSREKORD: Noreg produserte 33,8 terawattimar (TWh), eller 33,8 milliardar kilowattimar (kWh), straum i andre kvartal. Den førre rekorden er på 33,4 TWh i 2012. Illustrasjonsfoto
PRODUKSJONSREKORD: Noreg produserte 33,8 terawattimar (TWh), eller 33,8 milliardar kilowattimar (kWh), straum i andre kvartal. Den førre rekorden er på 33,4 TWh i 2012. Illustrasjonsfoto (Foto: Truls Grane Sylvarnes. Illustrasjonsbilete. Ikkje frå Aurland)

Kraftrekord trass nedbørsfattig vår

Kraftproduksjonen i Noreg var rekordstor i andre kvartal trass i lite nedbør. Det gjorde at Noreg hadde dei lågaste kraftprisane i Norden.

  • Endret

– Lite vind og låg kraftproduksjon i nabolanda våre førte til at den norske vasskrafta endå ein gong viste seg å vere svært viktig for forsyningstryggleiken i Norden, seier vassdrags- og energidirektør Per Sanderud i NVE.

Ifølgje  kvartalsrapporten til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) gjorde mykje vatn i magasina ved inngangen til andre kvartal, at kraftprodusentane kunne setje produksjonsrekord. Dette trass i at den nyttige nedbøren var 25 prosent lågare enn normalt.

Noreg produserte 33,8 terawattimar (TWh), eller 33,8 milliardar kilowattimar (kWh), straum i andre kvartal. Den førre rekorden er på 33,4 TWh i 2012.

21 øre per kilowattime

Medan straumprisane i Norden steig i andre kvartal, heldt dei seg relativt stabile i Noreg.

– I fjor vår førte dei store snømengdene i fjellet til at produsentane måtte rydde plass til smeltevatn i magasina, noko som gav oss svært låge prisar. I år har ressurssituasjonen vore meir normal. Det stabile prisnivået reflekterer at vasskraftprodusentane har hatt god kontroll gjennom heile kvartalet, seier Sanderud.

Gjennomsnittleg straumpris låg rundt 21 øre per kilowattime (kWh), med unntak av Midt-Noreg med eit snitt på 24 øre/kWh. Ifølgje NVE er avgrensa overføringskapasitet og lukrativ eksport til Sverige bakgrunnen for den høgare prisen i Midt-Noreg. (©NPK)

Til toppen