FEKK KRITIKK: Direktør i Statnett, Tor Inge Akselsen. Foto: Ole Ramshus Sælthun
FEKK KRITIKK: Direktør i Statnett, Tor Inge Akselsen. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Kraftsalve mot Statnett på kraftdagen

Kraftselskapa meiner den statlege leverandøren av høgspentlinjer og trafostasjonar er lite løysingsorienterte.

Lærdal: – Standardiserte løysingar kan ofte vera positivt. Ein del av standardiseringane eg har sett frå Statnett er negative. Det blir heilt unyansert. Du som Statnett sin mann her må ta med deg denne bodskapen tilbake til hovudkontoret.

Kraftsalva på kraftdagen i Lærdal - eit seminar for politikarar og folk flest om status for kraftutbygging i kommunen - kom frå direktør i E-CO, Odd Øygarden.

Les også: Opna lite kontroversielt kraftverk

Då hadde direktøren i Statnett heldt eit føredrag om deira utbyggingsplanar på Vestlandet. Eitt punkt på planlista er oppgradering av ein trafostasjon på Borgund. Berre at det er eit stort men her:

– Denne oppgraderinga vil kosta oss hundre millionar kroner. Det må koma nye utbyggingar i Lærdal som til saman utgjer om lag femti megawatt for at denne investeringa skal vera økonomisk berekraftig. Planane ligg der, og me skal oppgradera - viss det kjem nok kraftutbygging, sa direktør i Statnett, Tor Inge Akselsen.

Artikkelen held fram under biletet

OMVISNING: Kraftdagen starta med omvisning på Stuvane og Nivla kraftverk for politikarar og fagfolk, her Anders Eltun (Senterpartiet, f.h), Jarle Molde (Høgre) og dagleg leiar i Lærdal Energi, Per Gullaksen.
OMVISNING: Kraftdagen starta med omvisning på Stuvane og Nivla kraftverk for politikarar og fagfolk, her Anders Eltun (Senterpartiet, f.h), Jarle Molde (Høgre) og dagleg leiar i Lærdal Energi, Per Gullaksen.

– Lengre perspektiv

Og det var denne anten-eller-haldninga som fekk fleire i salen til å reagera. Også kraftverksjef i Østfold Energi si lærdalsavdeling, Bjørn Røvik:

– Alle her i salen veit at me er langt unna nye utbyggingar som gir femti megawatt. Går det ikkje an å oppgradera trafoen med lågare dimensjonering, slik at ikkje utbyggingsplanar stoppar opp på grunn av dette?

Akselsen i Statnett kom med følgjande svar og forklaring.

– Me har ikkje sett på alternativa som blir nemnde her, men me må sjå i lengre perspektiv. Korleis ser behovet ut om ti år? Me kan ikkje setja oss i ein situasjon der me må byta ut trafoar veldig mykje oftare enn nødvendig.

– Tek du utfordringa? kom det skarpt frå E-CO-direktør Øygarden.

– Ja ja, sa Akselsen.

Han forklarde vidare at Statnett rekna med ei levetid på 80 år for ein trafostasjon. Den som står på Borgund no er 28 år.

– Berre ungdommen, med andre ord.

Artikkelen held fram under biletet

KRAFTSALVE: E-CO-direktør Odd Øygarden fortel Statnett-direktøren kva han meiner om kor løysingsorienterte linjeleverandøren er.
KRAFTSALVE: E-CO-direktør Odd Øygarden fortel Statnett-direktøren kva han meiner om kor løysingsorienterte linjeleverandøren er.

Mange konsesjonssøknader inne

15 av dei 50 megawattane er i boks i form av tre utbygde kraftverk; Kvemma, Eldrevatnet og nyleg opna Nivla. Mork kraftverk i Erdal vil gje rett i underkant av 10 megawatt - dersom det blir realisert, noko som først og fremst kjem an på NVE sine nært føreståande vurderingar.

Då har ein halvparten av behovet for å få den sårt tiltrengde Statnett-trafoen. Og med betre straumprisar kunne alle dei 50 megawattane vore i boks; fleire utbyggingsplanar vart nedjusterte, skrinlagde eller lagde på is

Mellom anna var den opphavelege planen for Mork kraftverk i regi av E-CO å produsera meir enn dobbelt så mykje. Dette fekk ein også konsesjon til, men då straumprisane stupte etter toppen i 2011 vart desse planane for dyre. 

Gravdalen kraftverk i regi av Østfold Energi blei skrinlagd i vinter. Det planlagde kraftverket på Stødno fekk konsesjon i 2013, men til ei vesentleg mindre utbygging enn omsøkt, og er førebels ikkje realisert. Ofta kraftverk fekk konsesjon året etter, men utbygging har ikkje starta opp.

Men det ligg fleire konsesjonssøknader inne, både for Fosseteigen, Tynjadalen, Øvre Kvamme og Mørkedøla. Svaret frå NVE er venta på seinhausten. Desse blir viktige i høve oppgradering av trafostasjonen på Borgund.

Også det regionale straumnettet er fullt

Denne trafostasjonen tilpassar spenninga på straumen før den går ut i det store nettet. Her ligg ein flaskehals. Men heller ikkje det regionale straumnettet har meir kapasitet å gå på.

– Neste kraftutbygging vil utløysa noko. Men det er ein fordel om fleire utbyggingar kjem samstundes. Me har plikt til å levera nettet, men utbyggjarane må ta kostnadar, og med fleire som startar opp, di fleire blir det å spreia kostnadane på, seier dagleg leiar i Lærdal Energi, Per Gullaksen.

Eit anna moment er at vasskraft får grøne sertifikat dersom dei blir starta utbygd innan utgangen av 2021. Fleire i salen uttrykte bekymring for at somling frå Statnett med oppgradering av transformatoren på Borgund ville føra til at utbyggjarane mista denne stønadsordninga.

Til toppen