ALVORLEG: Krava til selskapsmessig og funksjonelt skille i kraftselskapa kan føre til alvorlege endringar i små kraftselskap som Årdal Energi, seier everksjef Jørgen Luggenes. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
ALVORLEG: Krava til selskapsmessig og funksjonelt skille i kraftselskapa kan føre til alvorlege endringar i små kraftselskap som Årdal Energi, seier everksjef Jørgen Luggenes. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes.)

Kraftselskap kan tapa stort på foreslått krav

– Me ser at dette fører til alvorlege endringar for oss som selskap, seier everksjef i Årdal Energi Jørgen Luggenes.

Årdal/Lærdal: Dei kan gi store konsekvensar for både dei og Lærdal Energi. Ifølgje ein rapport som er utarbeidd av Varde Hartmark for Distriktenes Energiforening (Defo) og KS Bedrift Energi, vil meirkostnaden for dei minste kraftselskapa kome opp i 20 000 kroner per kunde.

Over heile landet vil dette råka 114 små kraftselskap med til saman 1,4 millionar kundar, skriv Nationen. Blant desse er Årdal Energi og Lærdal Energi.

– For dei små er dette dyrt. Konsekvensane for oss er at me for auka kostnader totalt sett ved at me må ha to leiingar og følgja opp to system, seier dagleg leiar i Lærdal Energi Per Gullaksen.

Skille

Endringane regjeringa ønskjer er eit selskapsmessig og funksjonelt skille i alle kraftbedrifter. Eit selskapsmessig skille vil seia at nettdrift, som er monopol, skal skillast ut som eige selskap. Dette får ikkje lov å liggja saman med kraftomsetnad og straumsal. I dag driv dei fleste energiverk med begge deler. Dette krev då to organisasjonsnummer, to rekneskap og rapportering for to selskap.

I tillegg vil regjeringa ha eit funksjonelt skille. Det betyr at same person ikkje kan jobba i begge selskapa. Heller ikkje i styra til dei to selskapa kan dei same personane sitja. Då blir det to leiingar og administrasjonar og sjefar. I tillegg må kundesystem splittast. 

– Me ser jo at dette fører til alvorlege endringar for oss som selskap. Me har såvidt diskutert det internt i styret og avventar kva me skal gjera til me ser endeleg utfall i Stortinget 17. mars, seier Luggenes.

KOSTBART: Det er dei små kraftselskapa dette går mest utover, seier Per Gullaksen i Lærdal Energi.
KOSTBART: Det er dei små kraftselskapa dette går mest utover, seier Per Gullaksen i Lærdal Energi.

Størst motstand mot funksjonelt skille

Det er det funksjonelle skillet kraftselskapa viser størst motstand mot. Dette vil koste selskapa 3,3 milliardar kroner, medan det selskapsmessige skillet vil koste 1,3 milliardar. Og rekninga er det kundane som må ta.

– Har du 100 000 kundar å fordele det på, er det greitt, men har du mellom 1000 til 4000, blir det mange kroner per stykk, fortel Gullaksen.

I Lærdal Energi er dei i grunnen allereie i gong med å møte desse utfordringane. I desember 2014 lanserte dei Akraft, som blei ein ny straumleverandør på marknaden. Dette gjorde dei først og fremst fordi dei ville satse kommersielt på straumsal i tillegg til straumen dei sel gjennom Lærdal Energi. 

Fryktar kryssubsidiering

Bakgrunnen for kravet er frykt for såkalla kryssubsidiering. Men Luggenes meiner dette ikkje er eit reelt problem.

– Me rapporterer inn våre tal til NVE, som sjekkar oss for alt mogleg ned til minste detalj. Me er ikkje kjende med saker om kryssubsidiering. Det betyr at dei er livande redde for at monopolisten i selskapet skal ta seg for godt betalt og bruka pengane på andre ting enn det å driva nettet, forklarar everksjefen i Årdal Energi.

Både han og Gullaksen ser på dette som eit slags skjult grep for å tvinga fram samanslåing av selskap.

– Det er vanskeleg å seia fordi det kjem ikkje fram, men dei finn på argument som me føler ikkje er dei rette. Slik eg forstår det ser det ut til at dei ønskjer færre selskap, og ved å leggja fram slike krav, blir det ekstra press på selskapa om å slå seg saman, kommenterer Luggenes.

Jobbar for å hindre krava

Både Defo og KS Bedrift Energi jobbar no hardt for å hindre at desse endringane blir vedteke. I så fall har kraftselskapa fram til 2019 å foreta endringane som må til. Det er også førebels også ikkje klart om forslaget blir lagt fram akkurat slik det ligg føre no etter politiske forhandlingar.

I dag er det ei grense som seier at selskapa med fleire enn 100 000 kundar, må dela opp, men no ønskjer regjeringa å setja denne grensa til 0 til at den råkar alle. 

– Med elles i Europa ligg denne grensa på 100 000. Kvifor skal me i Noreg gjera dette når resten av EU ikkje vil det? Me går jo endå lengre enn EU-landa sjølve. Det er jo litt rart, seier Luggenes. 

Til toppen