SAMARBEID: SFE og BKK, har dei to partane no blitt samde å sjå nærmare på ei tettare samordning av kraftproduksjonen. Illustrasjonsfoto
SAMARBEID: SFE og BKK, har dei to partane no blitt samde å sjå nærmare på ei tettare samordning av kraftproduksjonen. Illustrasjonsfoto (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Kraftselskap ser på samarbeid over fylkesgrensene

Bergenshalvøen kommunale kraftselskap (BKK) og Sogn og Fjordane fylkeskommune vil vurdera eit tettare samarbeid mellom kraftselskapa BKK og Sogn og Fjordane Energi. 

Planane heng saman med samanslåinga av dei to fylkeskommunane til ei ny Vestlandsregion. Sogn og Fjordane fylkeskommune eig i dag 48,15 prosent av aksjane i Sogn og Fjordane Energi (SFE), medan BKK eig 38,54 prosent.

Vil sikra verdiane

Då Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommune vedtok intensjonsplanen om slå seg saman til ein region, var det semje om å halda verdiane av Sogn og Fjordane Energi (SFE) utanfor etableringa av den nye regionen. Fylkeskommunen arbeider no med å greia ut ulike modellar for å sikra at verdiane i SFE-eigarskapen kan bli verande i noverande Sogn og Fjordane fylke, heiter det i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane Energi.

Les også: Forsvinn kraftmilliardane inn i ein Vestlandsregion?

Les også: Sogn og Fjordane tviheld på kraftmilliardar

Fleire prosessar

Samtidig vurderer BKK sin eigen strategi for selskapa som er med i Vestlandsalliansen, heiter det. Denne alliansen omfattar til BKK, Sunnhordland Kraftlag, Haugaland kraft, Sognekraft, Sogn og Fjordane Energi, Sunnfjord Energi og Tafjord Kraft.

Som ei følgje av dei to prosessane i SFE og BKK, har dei to partane no blitt samde å sjå nærmare på ei tettare samordning av kraftproduksjonen.

– I regionsprosessen har det vore viktig at Sogn og Fjordane får ta del i den framtidige verdiskapinga i SFE. Vi vurderer ulike modellar som kan sikra dette, og det nemnde utviklingsarbeidet vil kunna blir eit viktig bidrag i den fylkeskommunale prosessen som no går føre seg, seier fylkesrådmann i Sogn og Fjordane Tore Eriksen.

– Nødvendig med omstilling

Konsernsjef Jannicke Hilland i BKK er glad for at SFE og BKK skal greia ut tettare samarbeid mellom selskapa.

– Både marknaden og rammevilkåra endrar seg raskt. Då må vi som selskap også endra oss. Difor vurderer vi ulike alternativ for samarbeid innan vasskraftproduksjon. For oss er det viktig å leggja til rette for gode kompetansemiljø, effektiv drift og auka verdiskaping. Vi må finna løysingar som sikrar verdiar og arbeidsplassar i heile regionen, seier Hilland.

– Naturleg å samarbeida

Konsernsjef Johannes Rauboti i SFE seier selskapet har ein god dialog med eigarane sine og er positiv til at den planlagde utgreiinga.

– Den beste måten vi kan sikra arbeidsplassar og verdiskaping inn i framtida på er å driva effektivt og vera best mogleg skodd for utvikling. Med den utviklinga som skjer i energisektoren, er det naturleg å orientera seg om moglegheiter for samarbeid med selskapa rundt oss. Vi vil difor vera opne for å finna gode samarbeidsløysingar både med BKK og kraftselskapa i Sogn og Fjordane, seier Rauboti.

Til toppen