HØYANGER:  Tettstadane Røldal, Odda, Tyssedal, Høyanger og Sauda vert vurdert som satsningsområder.
HØYANGER: Tettstadane Røldal, Odda, Tyssedal, Høyanger og Sauda vert vurdert som satsningsområder. (Foto: Arkiv)

Kraftturisme kan bli satsingsområde i Høyanger

Høyanger Industristadmuseum og Høyanger kraftverk er i leiarposisjon av dei plassane som vert vurderte nasjonalt.

Høyanger: Fylkeskommunane Vestland og Rogaland vil samarbeide om kraftturisme, melder NTB. Dei to fylkeskommunane er no i startfasen på eit prosjekt med tittelen «Kraftturisme – opplevelser i det vestnorske kraftlandskapet». 

Det er sett av 150.000 kroner til forprosjektet som skal kartlegge om det finst marknad for satsinga. 

Høyanger utmerkar seg

Indre strøk på Vestlandet har utmerka seg som moglege satsingsområde. Mellom anna skal tettstadane Røldal, Odda, Tyssedal, Høyanger og Sauda vurderast.

Industriarbeidermuseet i Sauda, Høyanger Industristadmuseum og Høyanger kraftverk er spesielt prioriterte.

Desse stadane har utmerka seg fordi dei på 1900-talet hadde dei stor utvikling innan kraft- og industribygging. 

– Me er veldig oppglødde og håper at fleire kan bli det same, sier seniorrådgjevar Tor Andreas Titlestad hos fylkeskonservatoren i Hordaland til NTB.

Til toppen