Krasja bil – køyrte i rus
(Foto: Illustrasjon)

Krasja bil – køyrte i rus

Ein bil krasja inne i Gudvangatunnelen laurdag. Det viste seg at begge personane i bilen var påvirka.

Aurland: Det melder politiet i Sogn og Fjordane på Twitter. Personane i bilen hadde krasja så kraftig at bilen ikkje var køyrbar etterpå.

Begge i bilen vart tatt med for blodprøvetaking då det viste seg at både sjåføren og passasjeren var påverka av rus. 

Det vart også gjort funn av mindre mengder narkotika på den eine. Bilen er ikkje til hinder, men bilbergar er på veg.

Til toppen