KRAV: Helse- og omsorgsdepartementet vil krevja psykologkompetanse i kommunane frå 2020. Ekspertar meiner kravet er vanskeleg å gjennomføra. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KRAV: Helse- og omsorgsdepartementet vil krevja psykologkompetanse i kommunane frå 2020. Ekspertar meiner kravet er vanskeleg å gjennomføra. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Krav om psykolog i kvar kommune

Helse- og omsorgsdepartementet vil krevja psykologkompetanse i kommunane frå 2020. Ekspertar meiner kravet er vanskeleg å gjennomføra.

  • Endret

Indre Sogn: Ei undersøking gjort av Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA) syner at ni av ti småkommunar ikkje har tilsett psykologar, skriv Nationen.

I juni sende Helse- og omsorgsdepartementet eit forslag på høyring om endringar i helse- og omsorgstenestelova. Eitt av forslaga er at kommunane skal ha psykologkompetanse frå 2020.

Ellen Hoxmark i NAPHA meiner forslaget er godt i teorien, men vanskeleg å gjennomføre i praksis.

– Det største problemet er kanskje å få psykologar til å flytte til mindre kommunar, seier Hoxmark.

Statssekretær Lisbeth Normann i Helse- og omsorgsdepartementet trur småkommunane må støtte seg til nabokommunane for å innfri det lovfesta kravet.

– Det kan vere vanskeleg å rekruttere til dei små kommunane. Vi ser stadig fleire døme på interkommunalt samarbeid der kommunane samlokaliserer og samorganiserer. Det er rekrutteringseffektivt, seier Normann til Nationen.

Sidan 2009 har Helsedirektoratet hatt eigne tilskotsordningar til kommunane for rekruttering av psykologar. (©NPK)

Til toppen