NYE KRAV: Legar som vert tilsette i eller inngår avtale med kommunen frå 1. mars i år må vere spesialistar i allmennmedisin eller under spesialisering.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NYE KRAV: Legar som vert tilsette i eller inngår avtale med kommunen frå 1. mars i år må vere spesialistar i allmennmedisin eller under spesialisering.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Krav til spesialisering for legar i kommunane

Legar som vert tilsette i eller inngår avtale med kommunen frå 1. mars i år må vere spesialistar i allmennmedisin eller under spesialisering.

Indre Sogn: Helsedirektoratet opplyser at den nye forskrifta om kompetansekrav for legar i den kommunale helse- og omsorgstenesta også fører til nye ordningar for utbetaling av trygderefusjon for legar under spesialisering.

Kommunen skal melde frå til Helfo når det er inngått avtale med ein lege om oppstart i spesialisering, eller ved inngåing av vikariat. Dette vil danne grunnlaget for om vedkommande har rett til trygderefusjon.

Ikkje alle legar i kommunen er omfatta av det nye kravet. Unntak gjeld blant anna legar som allereie er godkjente allmennlegar eller har stilling ved kommunal legevakt og yter helsehjelp etter helse- og omsorgstenestelova.

(©NPK)

Til toppen