LEIE: Ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal (Sp, t.v.) og ordførar i Høyanger Petter Sortland (Ap, t.h.) har sett seg leie på at kommunane vert overkøyrde i vindkraftsaker og har gått saman med fire andre kommunar om å seie frå til NVE.
LEIE: Ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal (Sp, t.v.) og ordførar i Høyanger Petter Sortland (Ap, t.h.) har sett seg leie på at kommunane vert overkøyrde i vindkraftsaker og har gått saman med fire andre kommunar om å seie frå til NVE. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal/arkivfoto)

Kravde kursendring i vindkraftsaker i møte med NVE

Ordførarane i Gulen og Høyanger seier saman med fire andre ordførarar «nok er nok» i vindkraftsaker etter ei møte med NVE fredag . Dei krev at plan- og bygningslova vert nytta til arealforvaltning også i vindkraftsaker.

Gulen/Høyanger: Ordførarane i Gulen, Høyanger hadde i dag eit møte med Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) saman med ordførarane i Tysvær, Lyngdal, Karmøy og Aure, skriv dei seks ordførarane i ei felles pressemelding. 

Føremålet med møte var å formidle erfaringane kommunane har med vindkraft på land. 

– Vi meiner det er viktig å gje klare tilbakemeldingar om korleis kommunane opplever politikken som vert ført i dag, står det i pressemeldinga.

– NVE har føreselege enkelte betringar i høve dagens konsesjonsprosess, men vår klare melding er at det må meir djuptgående endringar til i forholdet mellom NVE og kommunane for å få tilbake tillit mellom partane, skriv ordførarane. 

Dårlege erfaringar

Dei seks kommunane har alle hatt dårlege erfaringar kring vindkraftprosessane. Blant anna at utbyggjar ikkje respekterer kommunale vedtak, men går rett til grunneigarar for å sikre seg areal, utan å involvere kommunen.

I tillegg vert tiltak planlagde på bakgrunn av utdaterte og mangelfulle konsekvensutgreiingar, sprengingsarbeid vert gjort midt i hekketida til hubro og kongeørn – mot det planverket seier, og om kommunane vel å bruke retten dei har til å nekte å dispensere frå kommunale planar, svarer NVE med bruk av statleg plan, står det i pressemeldinga. 

Ordførarane erfarer også at NVE jobbar aktivt mot at kommunane skal bruke sitt lovmessige mynde etter ureiningslova. 

– Dette er berre nokre av døma vi har erfart. Når vi protesterer, opplever vi at vi ikkje vert høyrde. Situasjonen er svært alvorleg, skriv ordførarane. 

– Vi sa klart frå til NVE om at dagens politikk gjev store utfordringar knytt til aksept og tillit til dei viktige avgjerdene som NVE står ansvarleg for, legg dei til. 

– Nok er nok 

Dei seks ordførarane viser til at også i energipolitikken må omsyn vegast mot kvarandre på ein måte folk forstår, aksepterer og stolar på, der alle som vil skal få eit reelt høve til å bidra i prosessane. 

– Fagfolk skal bidra, men det er lokale, valde politikarar som må ta avgjerdene som ligg til grunn for konsesjonsprosessen, skriv ordførarane.

I dag er det NVE som gjev konsesjon etter energilova utan at kommunane er involverte i prosessen. 

– Kommunen er redusert til ein høyringspart og konsekvensane av dette ser vi no, i form av mange konfliktsaker, seier ordførarane. 

– Nok er nok. Tillit til avgjerder og lokalt folkestyre kan ikkje undergravast på denne måten, legg dei til. 

Dei ber om at konsesjonshandsaminga kjem etter at arealbruken er avklart av kommunane. 

– Det plan- og bygningslova som må brukast til arealavklaringar, ikkje energilova, seier ordførarane. 

Krev kursendring

Dei seks ordførarane seier dei reagerer negativt på at det ikkje ligg føre forslag om lovendring kring arealbruken i forslaga om vindkraft regjeringa har komme med. 

– Vi vil kreve at Stortinget no skiftar spor i vindkraftforvaltninga og ikkje kjem med kosmetiske endringar innanfor eksisterande lovverk. 

Dei vil følgje opp stortingspolitikarane i opposisjonspartia, som har synt støtte til til at plan- og bygningslova vert nytta i desse sakene.

Til toppen