GOD UNDERHALDNING: Øistein Kristiansen er velkjend for teikneferdigheitene sine, og fleire av borna kjende han att frå TV-skjermen. Foto: Sunniva K. Øvstetun.
GOD UNDERHALDNING: Øistein Kristiansen er velkjend for teikneferdigheitene sine, og fleire av borna kjende han att frå TV-skjermen. Foto: Sunniva K. Øvstetun.

Kreativ moro med Øisteins blyant-show

Sparing for born og sjølvsagt teikning stod på agendaen då Indre Sogn Sparebank inviterte til show i kulturhuset på Årdalstangen.

I samband med Sparebankveka 2014 ynskte Indre Sogn Sparebank å fokusere på sparing samt å gjera stas på dei yngste kundane.

Difor var omtrent 200 born og vaksne møtt opp for å få med seg Øisteins blyant-show i kulturhuset på Årdalstangen.

Mannen bak showet Øistein Kristiansen er ein verdskjend teiknar, målar, forfattar og kunstnar. Kristiansen står òg bak TV-seriar som har vorte internasjonale suksessar, og fleire av borna kjende att mannen frå TV-skjermen.

Bornas favoritt

Det er ingen tvil om at borna likte den energiske TV-figuren. Kristiansen underhaldt både store og små med dei enkle og morosame teikningane sine, og latteren sat laust då han på magisk vis gjorde to simple rundingar til alle verdas dyr.

Enda meir latter vart det då Kristiansen tok opp publikum på scena og teikna favorittdyret til den heldige utvalde.

Morosamt og lærerikt

Ei av dei som tok turen til samfunnshuset tysdag kveld var sju år gamle Sandra Myrmel Moen. 

Artikkelen held fram under biletet.

– MOROSAMT: Sandra Myrmel Moen tykte showet til Øistein Kristiansen var veldig morosamt.
– MOROSAMT: Sandra Myrmel Moen tykte showet til Øistein Kristiansen var veldig morosamt.

– Eg tykte det var veldig morosamt. Øistein er veldig flink, og eg har lært masse, så no skal eg heim å teikne i den nye teikneboka mi.

Mor Gro Myrmel Moen tykte òg at showet var kjekt, og legg til at Kristiansen er imponerande flink.

Vid målgruppe

Marknadsansvarleg i Indre Sogn Sparebank Laila Hansen seier til Porten.no at sparebankveka er noko som har eksistert i svært mange år, men at dei i år ynskte å gjere noko meir ut av det.

– Med dette arrangementet ynskjer me å gi noko attende til kundane våre. Tidlegare i dag har mange av desse borna vore i banken med sparegrisane sine, og der fekk dei òg billettar til showet.

Artikkelen held fram under biletet.

OGSÅ FOR VAKSNE: Richard Ødegård slapp ikkje unna og måtte fram og stå modell.
OGSÅ FOR VAKSNE: Richard Ødegård slapp ikkje unna og måtte fram og stå modell.

– Ein sparar ikkje på same måte i dag som ein gjorde tidlegare, og me ville difor fokusere på sparing samstundes som me fekk gjere stas på dei yngste.

– Me ynskjer at det skal vere ein forskjell å vere kunde hjå Indre Sogn Sparebank, og me ynskjer å nå ut til alle målgrupper. Difor arrangerte me til dømes «Damenes aften» tidlegare i haust. Me arrangerer for dei yngste no, og så tenkjer me å arrangere noko som rettar seg mot ungdommen når våren kjem.

Til toppen