Kreativ ungdom viktig for lokalsamfunna

MEININGAR

Kreativ ungdom viktig for lokalsamfunna

LEIAR: Å tenkje nytt er enklare sagt enn gjort. 

Men fy så viktig det er for lokalsamfunna med folk som ikkje berre evnar å kome opp med nye idear og produkt, men som også torer å satse på dei.

Denne veka skreiv me om ungdomsbedrifta ShoeSaver. Bedrifta er det tre karar på Årdal vidaregåande skule som står bak. Ideen er enkel: Dei har lagd ein sko som du kan putte utanpå skoen når du til dømes er på festival.

Då slepp du å skitne til dei nye kvite skoa dine. Dette er ein kjempeoppgradering frå ein Rema 1000-pose. 

Kor langt dei kjem med bedrifta gjenstår å sjå, men dei tre satsar og har planar om å kome langt på fylkesmessa seinare i år. Då svirrar tankane plutseleg tilbake til SafeSound – ei annan ungdomsbedrift med sitt utskot på den vidaregåande skulen i Årdal – som også kom langt.

Kva som til slutt blir av desse, vil tida vise, men eit anna viktig moment i denne saka er rolla desse spelar i lokalsamfunna – og kanskje spesielt i Årdal.

Læraren for desse elevane, Fredrik Jarstadmarken, seier, og har nok rett i det, at det vanlege i Årdal er å gå den tradisjonelle vegen og bli ein lønsmottakar. Med store arbeidsplassar som Hydro, seinare Norsun, men også kommunen, er dette kulturen. Og det er heilt greitt.

Men med i desse effektiviseringstider vert me tvinga til å tenkje nytt, og det er nettopp det desse ungdomane gjer. 

Og så er neste steg å kople næringar, bedrifter og organisasjonar saman slik at ein kan dra nytte av kvarandre sin kunnskap. 

Sett i lys av fredagens endelege innstilling i politireforma, der Årdal er ein av kommunane som mistar lensmannskontoret sitt, er det viktigare enn nokon gong å vere skapande og bidra til å lage attraktive lokalsamfunn. 

Og ikkje minst ein attraktiv vidaregåande skule, der slike historier kan bidra til at andre vil kome hit etter grunnskulen. Me veit at kompetanse og innovasjon er eit satsingsområde for Årdal Utvikling, der etablering av teknologisenter, kunnskapsdag og styrking av fagutdanningane ved den vidaregåande skulen er sentrale punkt.

Måtte dei, saman med det lokale næringslivet naturlegvis, lykkast.

Til toppen