TV-AKSJON: Tredje klasse ved Aurland barne og ungdomsskule arrangerte foreldrekafe til inntekt for TV-aksjonen.
TV-AKSJON: Tredje klasse ved Aurland barne og ungdomsskule arrangerte foreldrekafe til inntekt for TV-aksjonen.

Kreative elevar bidrog til årets TV-aksjon

Skuleklassar ved Flåm og Aurland har samla inn pengar på kreativt vis,  for å bidra til TV-aksjonen 2016. 

Aurland/Flåm: Tredje klasse ved Aurland barne og ungdomsskule og 5, 6 og 7.klasse ved Flåm skule har samla inn pengar i samband med TV-aksjonen.

Ved Aurland barne og ungdomsskule ble det arrangert foreldrekafé og joggedag, medan på Flåm skule blei det arrangert basar til inntekt for TV-aksjonen.

Foreldrekafé og joggedag

Kontaktlærar i tredje klasse ved Aurland barne og ungdomsskule, Ingrid Almenningen, fortel at skulen har sidan 2009 hatt foreldrekafé som ein tradisjon.

- Det er tradisjon at tredje klasse ved denne skulen har foreldrekafé i samband med TV-aksjonen, seier Almenningen.

Ho fortel vidare at klassen inviterte foreldre, besteforeldre, søsken, tanter og onklar til ein triveleg foreldrekafé. Klassen hadde over 30 gjester.

- Klassen bakte eplekaker på skulekjøkenet. Elevane gjorde det meste av rydding og borddekking sjølve. Dei stod også bak disken og sal kaker, kaffi/te og sjølvpressa eplemost.

Aurland barne og ungdomsskule arrangerte også joggedag til inntekt for TV-aksjonen. Utgangspunktet er at elevane skal jogge ei rundløype, der lengda varierer etter alderstrinn. Dess fleire rundar dei maktar å jogge, dess fleire kroner må dei ulike elevsponsorane betale.

Artikkelen held fram under bilete

JOGGEDAG: Aurland barne og ungdomsskule arrangerte joggedag, der inntekta skulle gå til TV-aksjonen.
JOGGEDAG: Aurland barne og ungdomsskule arrangerte joggedag, der inntekta skulle gå til TV-aksjonen.

Initiativtakarane til denne joggedagen er valfagsgruppa «innsats for andre».

- Sjølv om det heiter joggedag, er det ikkje sikkert alle vil jogge, då er det lov å gå, seier Åshild Askeland, lærar for valfagsgruppa.

Basar

Astrid Hassel, rektor ved Flåm skule, seier at elevane i 5.6 og 7.klasse har arbeidd med tema knytt til TV-aksjonen ei god stund.

- Røde kors står sterkt i kommunen vår og alle kjenner organisasjonen godt. Det er derfor ikkje vanskeleg å engasjere seg og ville bidra til TV-aksjonen 2016, fortel Hassel.

Elevane fekk ideen om å lage basar til inntekt for TV-aksjonen. Dei fekk inn mange flotte gevinstar, baka og laga syltetøy til basaren. Elevane  inviterte til god, gammaldags basar med åresal, sal av kaffi og kaker, og trekking av loddbøker dei hadde vore rundt og selt lodd frå.

Artikkelen held fram under bilete 

BASAR: Flåm skule arrangerte basar til inntekt for TV-aksjonen. 
BASAR: Flåm skule arrangerte basar til inntekt for TV-aksjonen. 

- Basar er svært populært i Flåm, og folk er alltid flinke til å stille opp når noko skjer på skulen. Det kom folk frå alle grendalag i kommunen på basarkvelden og stemninga var god. Innimellom trekkinga underheldt dei med song og dans til stor applaus, avsluttar Hassel.

Til toppen