Kreative innslag i peparkake-konkurransen

Peparkakeprosjekt på Årdal vidaregåande skule.

Årdal: Elevar ved Årdal vidaregåande skule har laga peparkakebygg. Dei står utstilt i kantina på skulen og skal vurderast av ein bakar.

I år var oppgåva å lage eit peparkakebygg som skulle representere linja dei går på. Det kom inn mange kreative bidrag, så elevane hadde verkeleg jobba godt med prosjektet.

Jentene på 2.året studiespesialiserande hadde laga Berlinmuren og Brandenburger Tor. Dei fortel at dei valte dette peparkakeprosjektet, fordi dei skal på den tradisjonelle studieturen til Berlin neste år.

- Me synes at Berlinmuren og Brandenburger Tor passar godt til linja vår, sidan det er to sentrale bygg me skal besøke til våren. Me samarbeida bra for å få det resultatet me fekk og det er me nøgde med, fortel Vanja Thomassen Øren.

Andrea Midtun legg til at det er veldig koseleg at skulen har slike konkurransar.

- Slike dagar skapar god julestemning, seier Frida Hunshammer.

Jentene er einige med at deira peparkakebygg blei fint, men dei er også imponert over dei andre bygga som blei utstilt.

Artikkelen held fram under biletet.

NØGDE: Frida Hunshammer, Vanja Thomassen Øren og Andrea Midtun er nøgde med klassen sitt peparkakeprosjekt.
NØGDE: Frida Hunshammer, Vanja Thomassen Øren og Andrea Midtun er nøgde med klassen sitt peparkakeprosjekt.

Kreative idear vart peparkakekunst

Automasjon klassane brukte kunnskap frå faget sitt i peparkake prosjektet. Elektroniske finessar som at peparkake-raketten deira bevegar seg opp og ned, er med på å representere linja deira.

Elektro sin klasse hadde peparkakebygg med ledningar som førte til ei lampe. Medan påbygg-klassen sitt innslag var ein peparkake-pc.

Elevane brukte bakedagen kreativt, her var mange interessante bygg. 

 

Sjå biletegalleri øvst i artikkelen.

 

Til toppen