KREATIVE: Fleire har i år gått saman for å lage julemesse i det gamle samverkebygget. Foto: Sunniva K. Øvstetun
KREATIVE: Fleire har i år gått saman for å lage julemesse i det gamle samverkebygget. Foto: Sunniva K. Øvstetun

Kreative sjeler skapar julestemning

I snart ein månads tid har kreative sjeler putla på i det gamle samverkebygget. Under julegateopninga torsdag opnar dei dørene for bygdefolket.
 

Om lag 15 menneske har i år gått saman for å lage julestemning i det gamle samverkebygget. For ein symbolsk sum har dei fått leige lokalet, og i tida fram mot jul kjem dei til å stille ut varene sine der.

Hovudkvinna bak julemessa er Margunn Øren, som sjølv kjem til å stille ut 38 sjølvmåla bilete. Øren ynskte å bruke bygdefolket, og vise fram all kreativiteten som finst i bygda.

Med seg har ho mellom anna Monika Bale, Nina Borlaug og Gry Marie Øy, som alle stiller opp med diverse handarbeid. Bale og Borlaug bidreg me vakker scrapbooking, medan Øy stiller opp med diverse hekla produkt.

GLASKUNST: Ingegerd Moene kjem til å syne fram glaskunsten sin på julemessa torsdag.
GLASKUNST: Ingegerd Moene kjem til å syne fram glaskunsten sin på julemessa torsdag.

Glaskunst
Ingegerd Moene er ei av dei som skal syne fram kunsten sin. Ho har drive med glaskunst i snart tre år, og har i løpet av den perioden lært seg fleire ulike teknikkar. Moene stiller ut fleire typar heimelaga produkt, men det er glaskunsten og ullenglar ho fokuserer på. Ullenglane har ho dekorert med ekte hår.

Moene har og med seg mora på laget, som stiller opp med heimespøta vottar og diverse hekla produkt. Dei to damene er spente, men vonar at julemessa vert suksess.

- Det er alltid like kjekt å få vise fram det ein har laga sjølv, men ein veit jo aldri korleis det vert motteke. Julemesser er no alltid kjekt uansett.

Ikkje berre damer
Blant alle heimespøta vottar og maleri vil ein på torsdag kunne sjå Rune Blikken sin hobby. Ved hjelp av enkle reiskap og inspirasjon frå internett forvandlar han gamle treemne til moderande interiør.

GJENBRUK: Rune Blikken kjem til syne fram dei heimelaga ølkassene sine torsdag.
GJENBRUK: Rune Blikken kjem til syne fram dei heimelaga ølkassene sine torsdag.

Det heile tok til då Blikken begynte å produsere øl. Han hadde teke vare på ølflasker som ikkje kunne pantast, men mangla ein plass å ha dei. Det var då han fekk ideen om å sjølv lage ølkasser.

Då ølkassene var laga begynte det å balle på seg. Blikken tok til å  samle inn rekved frå mellom anna Seimsdalen og Naddvik, og dette har resultert i  vakre, gamalmodige hyller og benkar. Blikken sjølv er litt tilbakehalden og trur ein må ha ein viss stil for å like det han har laga, men vonar naturlegvis at det vekkjer interesse.

Noko godt å bite i
Ein kan ikkje kalle det for julemesse i Årdal med mindre det er mogleg å kjøpe lefsekling. Dette er det Reidun Kolås og Synnøve Fretheim som kjem til å syte for under julemessa torsdag. Damene har stått på og baka no i tre veker, noko som mellom anna har resultert i lefser, kling, kransekaker og mølse.

Artikkelen held fram under biletet

SKULEELEVAR: Anita, Anna, Trine, Amanda og Mari Beate frå Farnes skule kjem til å selje duftlys.
SKULEELEVAR: Anita, Anna, Trine, Amanda og Mari Beate frå Farnes skule kjem til å selje duftlys.

Torsdag vil ein og kunne kjøpe anna godt å bite i på julemessa. Klasse 9A og 9B skal ha cafe der det vert mogleg å kjøpe kaffi og kaker til inntekt for klassetur.

Skuleelevane stiller og opp med elevbedrifta si «lysande glede» som skal selje duftlys. Lysa har elevane sjølv laga og det vonar at mange årdøler tek turen.

Trist med tomme bygg
Eigarane av bygget tykte julemessa var eit flott initiativ, og valte difor å leige den ut for ein symbolsk sum. Ein av eigarane, Magne Brun, er glad for at bygget vert teke i bruk.

- Det hadde vore trist dersom eit av dei største bygga i sentrum skulle stått tomme og mørke rundt jultider. Eg er glad for at det vert teke i bruk og at det kan bidra til å skape eit meir levande torg.

Planane framover kring det gamle samverkebygget er ikkje spikra. Nokre har vist interesse, men ingenting er avgjort. Eigarane etterlyser framleis nokon som kan sjå potensialet i bygget og som kunne tenkt seg og starte opp noko der.

I samband med julegateopninga vil det og vere julemesse i  Farnes gamle skule midt på Torget. Gamleskulen Brukthandel og Aktivitetssenter  arrangerer, og i andre etasje kjem lokale kunstnarar til å syne fram verka sine.

Til toppen