Krefter må til for å bli sterkare
meiningar
meiningar

Krefter må til for å bli sterkare

LEIAR: Det er kanskje opplagt, men kven som skal ta i eit ekstra tak er ikkje alltid like klart.

Gode idear er det mange av i eit lokalsamfunn. Alle ønskjer vel utvikling, men korleis og kva som må til er ikkje alle samde i. 

Eit godt døme er Årdal, som er eit tradisjonelt industrisamfunn på godt om vondt. Framleis er industrien ei viktig næring, men stadig fleire innser at det er lurt å ha fleire føter å stå på. Reiseliv og tenesteytande næring. 

Og det er vel helst innanfor det første området at ideane kan spinne avgarde for mange. Det blir litt som når ein ikkje får sove om kvelden og tenkjer på kva ein skulle ha brukt pengane på dersom ein vart Lotto-millionær.

Dei færraste av oss vinn, og det er ikkje gitt at dei som vinn, har lyst til å bruke pengane på slikt. Då er det godt å registrere at det er næringslivsaktørar i Årdal som trur på reiselivet.

No satsar dei 1 million kroner på ei gjestebåthamn, som sikkert ikkje umiddelbart vert i gullgruve, men som er eit lite steg i riktig retning når det kjem til den raude tråden i reiselivssatsinga frå Indre Ofredal til Vetti. 

Det er også bra å registrere at kommunen i dei folkevalde ser kor viktig dette er. Det skulle berre mangla at kommunen, som eig kaien, som har politikarar som nærast unisont seier reiseliv er vegen å gå – at kommunen faktisk rustar opp det indre hamnebassenget.

Ein må likevel understreke at det er ikkje kommunen si oppgåve å satse på reiselivet, men leggje til rette gjennom næringsselskapet. 

Og så er resten opp til folk med gode idear, men viktigast av alt; folk med pengar og vilje. 

Kaien på Årdalstangen med sentrum like ved representerer eit område med masse potensiale. Sjøen og fjorden tiltrekker folk naturleg, og då er det på sin plass at ein stad som Årdal utnyttar dette i reiselivssatsinga, slik dei no gjer. 

Til toppen