UTVIKLINGSAVTALE: NFF Sogn og Fjordane og Kaupanger damefotball har inngått ein utviklingsavtale for å styrka jente- og damefotballen i fylket. Foto: NFF Sogn og Fjordane. 
UTVIKLINGSAVTALE: NFF Sogn og Fjordane og Kaupanger damefotball har inngått ein utviklingsavtale for å styrka jente- og damefotballen i fylket. Foto: NFF Sogn og Fjordane. 

Kretsen og Kaupanger inngår utviklingsavtale​

– Ein vinn-vinn-avtale, seier Trine Lerum Hjellhaug i Kaupanger fotball. 

Kaupanger: NFF Sogn og Fjordane har inngått ein utviklingsavtale med Kaupanger damefotball for å bli ein del utviklingsmiljøet. Det går fram av ei pressemelding.

– NFF Sogn og Fjordane har siste året hatt auka fokus på jente- og dameutviklinga i kretsen. Me har delt prosjekt og ansvar i tre delar, seier dagleg leiar i NFF Sogn og Fjordane, Svein Olav Myklebust.

Desse tre delane handlar for det første om rekruttering og barnefotball, der Marius Kloster no er tilsett i ei 50 prosent stilling som fagsjef barn. Den andre delen handlar om å nå mål i den nasjonale satsinga på jente- og damefotball.

Den tredje delen handlar om å etablere eit topplag i og for fylket. I vel 30 år har damelaget til Kaupanger vore flaggskipet i fylket, og etter ein periode i 2. divisjon, vert det no jobba for å få laget opp på toppnivå i norsk fotball.

«Det er viktig at me i fellesskap klarer dette, slik at unge og lovande spelarar får ein utviklingsveg i eige fylke. I Sogndal er det eiga fotballinje på VGS, eit høgskulemiljø og ikkje minst eit etablert kompetansemiljø kring Sogndal fotball, som gjer at eit slikt resultatmål er mogeleg,» står det i pressemeldinga.

– Einskilde stadar i Sogn er jentefotball nesten like populært som gutefotball, og me vonar resten av fylket kjem etter. Her er eit stort og unytta potensiale, seier Hjellhaug, som sjølv har vore toppspelar for KIL og Trondheims Ørn.

– Dersom me løftar i lag, vil me ha eit stort utviklingspotensiale. Kretsen støttar dette og ser fram til vidare arbeid med jente- og damefotball i heile fylket. Er fleire klubbar interessert i å utvikle jente- og damefotballen, så er me klar til å komme på besøk for å gi fagleg rådgiving, avsluttar Myklebust.

Damelaget til Kaupanger gjer det svært godt i 2. divisjon denne hausten og kjempar heilt i toppen om å få spele om opprykk. 

Det har også vore gjennomført ei stor satsing på anleggssida med utviding av klubbhus, Tufteparken og nytt garderobeanlegg. 

Til toppen