Høyanger: Gamlevegens Venner, ved Karl Ivar Larsen, i Lavik klaga første gong på manglande sikring av industritomta Kvammen indre i Lavik i 2017. No krev dei i eit brev til Høyanger kommune at kommunen handsamar klagen dei sende i 2017. Denne galdt brot på føresegnene i reguleringsplanen for området.

Krev at kommunen følgjer opp industritomt i Lavik
Gamlevegens Venner i Lavik har ikkje lenger tålmod med Høyanger kommune, og ber kommunen følgje opp manglande sikring av industritomta Kvammen indre i Lavik betre.