Frå venstre fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun, fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling og fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Frå venstre fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun, fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling og fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Krev fleire oppgåver i ny Vestlandsregion

Fylkeskommunane Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane stiller tydelege krav om overføring av nye og tunge samfunnsoppgåver for å slå seg saman til ein vestlandsregion.

Dette kjem fram i eit brev dei tre fylkesordførarane har sendt til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Dei tre vestlandsfylka har byrja drøftingar om samanslåing, og i brevet til departementet orienterer fylkesordførarane om drøftingane så langt.

Fylkesordførarane slår fast at dei ser på reforma som ei demokrati– og desentraliseringsreform og at dette flyttar makt og ansvar til større regionar, som vert meir handlekraftige og sjølvstendige i høve samfunnsutviklinga.

Målet er eit lokal- og regionaldemokrati som kan vareta velferd og sikre utvikling, verdiskapning og trivsel for heile regionen basert på lokal og regional kunnskap.

Tunge samfunnsoppgåver

Dei slår fast at fylkeskommunane er både tenesteprodusent og samfunnsutviklar og at dei vil føre dette ansvaret vidare. Ambisjonen er å utvikle og forme Vestlandet som region og samstundes tilpasse seg og samordne nasjonal politikk.

– Utgreiinga vi no førebur skal utgjere eit nødvendig kunnskapsgrunnlag for vidare politisk prosess fram mot ein mogleg intensjonsavtale. Vi vil alt no signalisere at vi vil stille tydelege krav om overføring av nye, tunge samfunnsoppgåver for at ei regionreform skal ha noko for seg. Vi set som vilkår at Stortinget vedtek ei reform der det regionale folkevalde nivået får eit tungt ansvar for både utviklingsorienterte oppgåver og oppgåver innretta mot tenesteyting overfor eit stort tal innbyggjarar, seier fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane.

Samde om kva oppgåver som burde overførast

Fylkesordførarane i dei tre vestlandsfylka er samde om konkrete oppgåver som bør overførast frå staten til det nye regionale nivået.

Statens vegvesen, Kulturrådet, jernbane, delar av Noregs forskingsråd, NVE og anna regional naturressursforvaltning, miljøvern og landbruksforvaltning, integrerings- og mangfaldsdirektoratet, statlege høgskular og den delen av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (BUF-etat) som ikkje kan leggjast til kommunane.

Vidare vurderer dei tre fylkesordførarane å overføre sjukehusa tilbake til det regionale nivået.

1. april legg statsråd Jan Tore Sanner fram stortingsmeldinga knytt til regionalt folkevalt nivå og fordeling av oppgåver.

Til toppen