Aurland: Formannskapet i Aurland vart i dag samde om å sende brev til Justis- og beredskapsdepartementet med krav om at det blir lensmannskontor i Aurland og Årdal, ikkje Lærdal og Årdal, slik politidirektoratet no legg opp til.
– Eg er frustrert over at dei argumenta vi framfører aldri verkar å ha blitt vurdert av dei som tek avgjerda, seier ordførar Distad.
Tidlegare i veka fekk dei vite at politidirektoratet har avslått klagen på nedlegginga av lensmannskontoret i kommunen. Den har no gått vidare til departementet som skal ta avgjerd i saka. Men politikarane i Aurland slår seg ikkje med ro med å vente på svar.
Klagen vart skriven då det låg an til at berre Lærdal på sørsida i Sogn fekk behalde lensmannskontoret. I mellomtida har som kjent Årdal fått gjennomslag for sin klage, noko ordføraren meiner endrar situasjonen.
– Når det no ligg an til å vere to lensmannskontor i området, så bør det vere Årdal og Aurland. Det er naturleg og mest tenleg for heile regionen å ha den avstanden mellom. Lærdal vil då ha tilgang på politi frå begge sider, seier Distad.