ULTIMATUM: Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, meiner fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane sin formulering i innstillinga om nynorsk er verdilaus om Rogaland vil ha nøytralt administrasjonsspråk. Arkivfoto
ULTIMATUM: Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, meiner fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane sin formulering i innstillinga om nynorsk er verdilaus om Rogaland vil ha nøytralt administrasjonsspråk. Arkivfoto

Krev nynorsk-ultimatum

Dei neste vekene blir administrasjonsspråket i den eventuelle Vestlandsregionen bestemt. Noregs Mållag meiner at Sogn og Fjordane og Hordaland må stille som ufråvikeleg krav at også Rogaland går med på nynorsk språk. 

Fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane skriv i si innstilling at «Det vert lagt til grunn at nynorsk vert administrasjonsspråket i den nye regionen». 

– Denne formuleringa er verdilaus om Rogaland vil ha nøytralt administrasjonsspråk, seier leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn i ei pressemelding.

– Fylkespolitikarane må gjere vedtak som garanterer at nynorsk vert språket uansett kva konstellasjon ein eventuelt står att med til slutt. Om ikkje Rogaland går med på nynorsk administrasjonsspråk, må Sogn og Fjordane vere tydeleg på at dei ikkje kan gå inn i region med Rogaland.

– Fylkestinget må garantere

I intensjonsplanen står det frå før at nynorsk er ein viktig identitetsbyggjar. Fylkestinget må kunne garantere at nynorsk skal vere administrasjonsspråk og språket staten bruker i skriv til regionen.

– Sogn og Fjordane og Hordaland må gjere vedtak om at eit eventuelt «ja» fell bort, om ikkje språket i regionen blir nynorsk, slår Magne Aasbrenn fast. 

Onsdag kom framlegget frå rådmannen i Rogaland til vedtak i fylkestinget. Der går det fram at rådmannen vil ha nøytralt administrasjonsspråk dersom Rogaland blir med i regionen.

Til toppen