STILLER KRAV: Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid (Ap), stiller krav til eige parti dersom dei kjem til regjeringsmakta etter valet i haust. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
STILLER KRAV: Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid (Ap), stiller krav til eige parti dersom dei kjem til regjeringsmakta etter valet i haust. Foto: Truls Grane Sylvarnes.  (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Krev omgjering av selskapsskilje i energibransjen

Dersom Arbeidarpartiet kjem til regjeringsmakta til hausten, er dette eit krav frå ordføraren i Årdal.

Årdal: Trass åtvaringar frå everksjefar over heile landet og eit politisk press, gjekk fleirtalet på Stortinget inn for å innføra eit selskapsmessig og funksjonelt skilje i energibransjen.

Dette vil i praksis seie at nettdelen og kraftdelen i energiselskap skal skiljast, og at dei same personane ikkje kan jobbe i begge selskapa. For mindre kraftverk, som Årdal Energi, er dette fordyrande.

Difor vil ordføraren i Årdal, Arild Ingar Lægreid (Ap), krevja at hans eige parti gjer om på vedtaket dersom dei kjem til makta etter valet i haust.

– Me har jobba med dette undervegs i heile prosessen, men regjeringa ville ikkje lytte. For små selskap som vårt, meiner eg det er problematisk å gjennomføre eit skilje i to bedrifter. Då må ein kanskje fusjonere med andre, utan at eg veit det sikkert. Eg ønskjer ikkje at det skal skje, seier han.

Innføring i 2020

Det var ordføraren som stod bak dette forslaget då Årdal Ap hadde årsmøte måndag denne veka. 

Tidlegare galdt dette berre selskap med meir enn 100 000 kundar, men skal no gjelde alle. Kraftverksjefane i Årdal Energi og Lærdal Energi uttalte i fjor at dei såg på dette som eit skjult grep for å tvinga fram samanslåing. 

Bakgrunnen for vedtaket er frykt for kryssubsidiering. Innføringa skjer trappevis fram til 1. januar 2020. Med andre ord er det rom for å reversere vedtaket.

– Drepen for små kraftselskap

Hilmar Høl (Ap), 2. Stortingskandidat for Sogn og Fjordane Ap, stiller seg bak kravet.

– Ap var imot det. Det er ikkje tvil om at vårt selskap, Årdal Energi, ikkje er stort nok til dette. Det er ikkje tvil om at dette er drepen for små kraftverk som er bidragsytarar i eigne kommunar, seier han.

Det er det funksjonelle skiljet kraftselskapa viser størst motstand mot. Dette vil koste selskapa 3,3 milliardar kroner, medan det selskapsmessige skiljet vil koste 1,3 milliardar. 

Til toppen