Førde: Statsadvokat Rudolf Martin Christoffersen, krev fengsel i seks år og åtte månader i fengsel for ein mann i 30-åra som er tiltalt for gruppevaldtekt i Sogndal i fjor vinter, skriv NRK.
Forsvararen til mannen i 30-åra, Bjørn André Gulstad, sette fram krav om at klienten hans vert frifunnen då saka vart avslutta i Sogn og Fjordane Tingrett.
– Utifrå bevispresentasjonen i saka, slik den vart presentert i retten, så meiner eg det er såpass mange usikre moment i forklaringa til fornærma, og til dels usanningar, at klienten min må frifinnast. Kliententen min har og forklart seg om hendingsgangen som på mange måtar viser seg å stemme. Det kjem og ganske klare utsegn frå fornærma som underbyggjer at ho aldri var i den tilstanden som lova krev, seier Gulstad til NRK.
Dei to medtiltalte er alt dømde til lange fengselsstraffer. Begge har anka dommane.