DÅRLEG VÊR: Bøndene treng godvêr for å få slått graset sitt. Illustrasjonsfoto: Audun Braastad / NTB scanpix / NPK
DÅRLEG VÊR: Bøndene treng godvêr for å få slått graset sitt. Illustrasjonsfoto: Audun Braastad / NTB scanpix / NPK

Krevjande førsteslått for bøndene: – Verste på 70 år

Mykje regn og lite varme gjer at bønder i fleire delar av landet no melder om svært krevjande forhold under førsteslåtten og moglegheit for omfattande avlingsskade.

Indre Sogn: Vêret har gjort det vanskeleg å hauste inn graset i store delar av landet. Mange bønder fryktar for lite gras og dårleg fôrkvalitet.

Bekymringsmeldingane kjem særleg frå bønder på Vestlandet og delar av Trøndelag, fortel Bondelaget på nettsidene sine.

– Nedbørsforholda under første slått er dei verste på 70 år. Det betyr at mykje gras som skulle vore slått for 1–2 veker sidan framleis står og ventar på betre vêr, seier Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

Mange bønder vil truleg bli nøydde til å slå gras med låg fôrverdi for å ha håp om ein andreslått seinare på sommaren. Fleire bønder, blant anna i Troms og delar av Hedmark, melder også om dårlege avlingar på grunn av overvintringsskadar.

(©NPK)

Til toppen