NPK-NTB: KrF vil ikkje fjerna eigedomsskatten på maskiner og installasjonar. Det kjem fram av det alternative budsjettet deira som blir lagt fram i dag, skriv Nationen.
Regjeringa har foreslått ei utfasing av skatten over ein femårsperiode frå 2019 til 2023. På sikt vil dette bety at næringslivet sparer om lag 800 millionar kroner i året, mens kommunane taper tilsvarande. Berre Årdal åleine vil tape omlag 25 millionar kroner. Samtidig vil staten ifølgje avisa auke sine inntekter med omkring 100 millionar kroner.
– Det er ei gedigen omfordeling mellom staten og kommunane. Er det éi sak vi har hatt massive tilbakemeldingar på, er det denne, seier kommunalpolitiske talsperson i KrF Torhild Bransdal.