TYDELEG: - Eg er overtydeleg på at frå der ambulanse står til der pasienten er, må me ha eit klart definert mål om responstid, sa Olaug Bollestad, 1. nestleiar i KrF, då var på valkamprunde i Sogndal med blant andre førstekandidat frå fylket, Tore Storehaug
TYDELEG: - Eg er overtydeleg på at frå der ambulanse står til der pasienten er, må me ha eit klart definert mål om responstid, sa Olaug Bollestad, 1. nestleiar i KrF, då var på valkamprunde i Sogndal med blant andre førstekandidat frå fylket, Tore Storehaug (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Stortingsvalet 2017

KrF meiner jordmortenesta i kommunane bør styrkjast

Kristeleg Folkeparti sin nestleiar meiner jordmødrene med fordel kanskje kan avlasta fastlegane for oppgåver.

Sogndal: – Eg er ekstremt oppteken av dette, for eg har jobba på sjukehus og har fire ungar. Fødsel er det mest kritiske i livet. At følgjetenesta og jordmortenesta i kommunane fungerer bra, er svært viktig. Eg trur det kunne ha vore ein idé å auka stillingane hjå jordmødrer så dei kan ta over nokre oppgåver frå fastlegane. Legane er gjerne svært travle.

Orda til nestleiar i Kristeleg Folkeparti, Olaug Bollestad, fall i formannskapssalen i Sogndal då KrF-delegasjonen var på valkamprunde i Sogndal denne veka.

KrF-arane møtte jordmødrene Åse Storegjerde Anita og Andersen Orrestad, pluss gravide May Elin Dressel. Målet med møtet var å høyra korleis desse tenestene fungerer i regionen.

– Umåteleg viktig å ha kompetanse i kommunane

Frå politikarane si side var den tydelegaste bodskapen at dei vil jobba for ei sterk jordmorteneste i kommunane.

– No blir du jo gjerne hyven ut av sjukehuset dagen etter fødsel, eller også berre etter nokre timar. At ein då har kompetanse i kommunane til å sjå at ein unge kan vera sjuk eller til å fanga opp ei mor på veg inn i ein fødselsdepresjon er umåteleg viktig, seier Bollestad. 

I det store og heile var både Storegjerde, Andersen Orrestad og Dressel samde om at tenestene fungerer bra.

- FUNGERER BRA: Jordmødrene Anita Andersen Orrestad (f.v.) og Åse Storegjerde, saman med gravide May Elin Dressel, tykkjer tenestene til gravide og fødande fungerer bra i Sogn.
- FUNGERER BRA: Jordmødrene Anita Andersen Orrestad (f.v.) og Åse Storegjerde, saman med gravide May Elin Dressel, tykkjer tenestene til gravide og fødande fungerer bra i Sogn. Foto: Ole Ramshus Sælthun

KrF-arane på si side var opptekne av å høyra korleis avstandar og krunglete infrastruktur påverkar tenestene. Fylkesleiar Trude Brosvik, som kjem frå Gulen, fortalde ho har god røynsle med lang veg til sjukehus som gravid. Dei to første borna hennar vart fødde i høvesvis ein båt og ein bil.

– Då den tredje var på veg, heldt eg meg i Førde i framkant, men så var føden full då fødselen kom i gang. Så det skjedde på eit kontor. Den fjerde fødselen skjedde på sjukehus og vart framprovosert, då var det eit stort poeng at mannen min skulle få vera med på iallfall den fødselen. Men så enda det med at han ikkje rakk fram, seier Brosvik.

Nestleiar Bollestad på si side hinta også om at ho vil jobba for ei meir desentralisert ambulanseteneste.

– Responstid for ambulansane er viktig, altså frå der ambulansen står til der pasienten er. Me får det til på brann og politi, men ikkje helse, der det verkeleg er viktig. Og det er ikkje rett at ein skal måtte føla seg meir utrygg om ein bur i Kroken i Luster enn om ein bur i Sogndal sentrum. For det er ikkje slik at ein fødsel går seinare i grisgrendte strok, seier ho og nemnde vidare at fleire ambulansar stasjonerte meir desentralisert burde kunne hjelpa på.

– Eg er overtydeleg på at frå der ambulanse står til der pasienten er, må me ha eit klart definert mål om responstid, held ho fram.

Svært glad for paviljongen

Utfordringar til trass, jordmor Storegjerde var klar på at mykje har vorte betre dei siste åra.

– Ambulansetenesta er kjempegod og samarbeidet med jordmødrer og sjukehus er så mykje betre no. Vegane har betra seg vesentleg. Eg vil seia at me no kanskje er der me burde ha vore på eit tidlegare tidspunkt

Ho viser til fødeavdelinga som vart nedlagt på Lærdal sjukehus for snart 15 år sidan. Den forsterka fødestova rauk i 2011, året etter vart den jordmorstyrte fødestova også nedlagt, og eit poliklinisk tilbod til gravide stod att.

– Paviljongen kom eigentleg til som eit plaster på såret, men at ein har halde på dette som eit gode for mødre i Sogn, er kjempebra. Her er det veldig stort fokus på at far skal ha plass og nærleik til familie, fortel Storegjerde.

Til toppen