Tore Storehaug. Foto: Kristeleg Folkeparti.
Tore Storehaug. Foto: Kristeleg Folkeparti.

MEININGAR

KrF og landbruksoppgjeret

MEINING: Det er forståeleg at Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn  leitar etter ei god grunngjeving for Venstre si kuvending i tolvte time av Stortinget si handsaming av landbruksoppgjeret. Diverre for han, og for jordbruket, tar han feil. Lat oss sjå på fakta.

Venstre bryt med inntektsmålet.  Dette er eit alvorleg slag mot landbruket, og det kom mindre enn to månader etter at Venstre saman med KrF og dei andre på Stortinget gjekk inn for å redusere inntektsgapet mellom landbruket og andre grupper. For å gjere det mogeleg å redusere inntektsgapet må jordbruket få ei kronemessig inntektsutvikling som er større enn for andre grupper. Alle er samde om at kronemessig lik utvikling i år krev ei ramme på 790 millionar kroner.

Då regjeringa la fram sitt tilbod på 410 millionar for Stortinget, braut Venstre og KrF med regjeringspartia for å sluttføra jordbruksoppgjeret i tråd med  jordbruksmeldinga.  KrF og dei andre opposisjonspartia la fram ei ramme på 790 millionar, men då braut Venstre igjen og la fram sitt eige tilbod på 625 millionar. Dette fekk subsidiær støtte frå regjeringspartia. Kuvendinga frå Venstre betyr at staten ikkje innfrir på eit grunnleggjande spørsmål som inntektsmålet er.

Eg forstår godt at Rotevatn difor ønskjer å bruka «sparepengar» frå LUF for å pynta på ramma.  Men, dette er pengar jordbruket har fått før, og med dei store investeringane som næringa står framføre – ikkje minst på små og mellomstore bruk i Sogn og Fjordane, ville det vore mykje betre om desse pengane blei verande i LUF og vart nytta som investeringsstøtte til gjennomsnittsbruka, slik KrF har føreslått.  

Korleis han kan påstå at Venstre sitt forslag vil vera betre for dei små og mellomstore bruka, er ikkje til å forstå.  For det første er det slik at dess større den varige ramma er, dess større er arbeidsrommet for å styrka dei små- og mellomstore bruka.  Sidan Venstre si varige ramme er mindre enn KrF og dei andre opposisjonspartia si ramme, kan han difor ikkje koma i mål med denne påstanden heller.  For det andre er det ikkje råd å meina noko heilt sikkert om fordelinga enno, for ramma skal partane i forhandlingane bli einige om no.

Det er underleg når Venstre problematiserer målprisauken som KrF og dei andre opposisjonspartia føreslo.  Det er visst ikkje måte på kva ulukker som vil oppstå når mjølka blir 2 øre dyrare og maten kan bli 10 kr dyrare per forbrukar per år.  Årets auke i målprisane er rekordlåg og for ein gongs skuld kan prisauken på norske jordbruksvarer bli mindre enn prisauken i nabolanda våre. Er det verkeleg 10 kroner i året for å sikre inntektsmålet i landbruket det skal stå og falle på? 

Når Venstre knip ned på budsjettstøtta og i tillegg ikkje vil henta ut meir inntekter i marknaden, kor skal inntektene koma frå då?  Dette er faktisk ei svært farleg linje, og den vil berre favorisera den  delen av jordbruket som kan redusera kostnadane ved hjelp av stordriftsfordeler.  Då snakkar me i alle fall ikkje om små- og mellomstore bruk i Sogn og Fjordane.

Seinare har Venstre hevda at deira måte å sende tilbodet tilbake til regjeringa redda forhandlingsinstituttet. Vel, i så fall er det freistande å spørje kva forhandlingsrom som ligg att for aktørane. Når dei allereie har brukt sine sanksjonsmuligheiter og staten sitt tilbod blir tatt opp i Stortinget er det ikkje noko handlingsrom igjen – Venstre gir landbruksminister Dale veto.

Dei siste åra har både KrF og Venstre vore med og hatt ei hand på rattet endå vi ikkje har vore i regjering. Saman har vi stoppa mange av dei mest liberaliserande framlegga frå regjeringa, og begge partia var viktige for å få på plass ei ambisiøs landbruksmelding som skal skape framtidstru og rekruttering for landbruket. Me er framleis samde om mange viktige element i landbrukspolitikken, bl.a. om arbeidsdelinga mellom kornområda og resten av landet. 

KrF kjem til å stå opp og forsvara alle dei viktige vedtaka frå landbruksmeldinga. Uavhengig av (vinglinga til) andre parti kjem vi til å halde fram med å realisera det ambisiøse inntektsmålet, eit aktivt landbruk over heile landet, med gode høve til å investera og ordningar som løfter dei små- og mellomstore bruka.

Tore Storehaug
Førstekandidat KrF

Til toppen