Høyanger: Sjølv om dei små skulane, som i Høyanger, Dale og Årdal, vil merka eit økonomisk press i det nye storfylket, vil det ikkje vera noko større nedleggingspress enn tidlegare, trur Brosvik.
Ho er førstekandidat for partiet, og éin av to toppkandidatar frå Sogn og Fjordane på vallistene til nye Vestland fylke. Saman med andrekandidat Tor André Ljosand var ho i førre veke innom alle dei 43 kommunane i nye Vestland på 144 timar.
– Viktig for lokalsamfunnet
På ferja mellom Lavik og Oppedal trefte dei to fylkestingskandidatane fredag representanten for KrF i Høyanger, Sissel Sørebø. Ho fortalde dei at den vidaregåande skulen betyr mykje for Høyanger, og at det er viktig at partiet vernar om den. Brosvik er samd.
– Me har programfesta at me skal ha ro kring skulestrukturen når me går inn i eit nytt fylke saman med Hordaland, seier ho.
Brosvik viser til at det er fleire mindre vidaregåande skular også i Hordaland. Ljosand seier at det ikkje har vore større nedleggingspress mot skulane på bygda enn i byane i nabofylket.
– Det har i dei seinare åra blitt lagt ned skular både i byområda og i bygder. Den siste diskusjonen galdt nedlegging av Fana gymnas, så det syner at det ikkje alltid er bygda som taper mot byen, seier Ljosand.
Han viser til at den vidaregåande skulen på Austrheim, som tidlegare har vore nedleggingstruga, til no har vorten redda.
Vil ha fritt skuleval
I tillegg til å sikre skulestrukturen, ønskjer KrF å ha fritt skuleval på tvers av dei gamle fylkesgrensene.
– Sjølv om dei mindre skulane, som Høyanger og Årdal, føler at det er utrygt med fritt skuleval i eit nytt fylke, meiner eg at det vil vere unaturleg å ikkje ha det når me først slår oss saman, seier Brosvik.
Ljosand seier at det vil verte viktig for skulane framover å kunne tilby elevane fag som er interessante, og å ha eit godt samarbeid med næringslivet.