VEKAS FOTO: Utsyn over Nærøyfjorden.
VEKAS FOTO: Utsyn over Nærøyfjorden. (Foto: Vilde Fanghol)

VEKAS FOTO

Kribling i magen frå Breiskrednosi

Vekas foto er teke av Vilde Fanghol.

Sogn: Biletet er teke frå Breiskrednosi, 1189 meter over havet, førre helg. 

– Frå toppen har du utsyn over Nærøyfjorden i retning inn mot Gudvangen, fortel Vilde Fanghol. 

Fanghol er røynd turgåar, og har synt fram dei flotte bilda sine i Porten.no fleire gonger, men no går eventyret hennar i Sogn mot slutten. 

Flyttar til Lofoten 

– Eg har budd i Sogndal i seks år, og så lenge eg har budd her har denne turen vore på lista mi over stader eg vil besøka. 

Diverre har ikkje det heile tida passa med tid og vêr, og dermed har turen blitt utsett fleire gonger. 

– Difor bestemde eg meg for at førre helg måtte eg reisa, slik at eg fekk oppleva turen før eg flyttar. 

Om fire veker startar nemøeg eit nytt kapittel i Lofoten for Fanghol som er nyutdanna frå Høgskulen i Sogndal.

– Eg har fått fast jobb som pedagogisk leiar der, og skal utforska og fotografera nye naturområde. 

Sogndal vil alltid vera heima 

Dette er noko ho ser fram til og gler seg til, sjølv om naturen i Sogn og Fjordane vil bli eit sakn. 

– Det blir rart å reisa frå vakre Sogn etter så mange år. Sogndal vil nok alltid vera "heima" for meg, og eg tykkjer alle burde oppleva å bu i dette naturskjønne området. 

Ho tykkjer det er flott at til tross for å bu i Sogn kan ein framleis reisa til nye stadar i fylket for å oppleva ny natur, og samstundes få kjensla av å vera på ferie. 

– Turen til Breiskrednosi var verdt alle timane med vandring, og eg vil sterkt anbefala den til dei som ynskjer nye turområde med fantastisk fjordutsikt og kribling i magen. 

Frå toppen har du utsyn rett ned i Nærøyfjorden, og det tykkjer Fanghol er flott.

– Etter min meining er det ein av dei finaste stadane i Sogn.

Til toppen