KARTONGKRIMKAMERATANE: Arild Midthun (50), Ulf Ulvheim (cirka 45) og Gunnar Staalesen (67). Han til venstre teiknar, han til høgre skriv, og han i midten løyser mysterium. Foto: Arild Midthun
KARTONGKRIMKAMERATANE: Arild Midthun (50), Ulf Ulvheim (cirka 45) og Gunnar Staalesen (67). Han til venstre teiknar, han til høgre skriv, og han i midten løyser mysterium. Foto: Arild Midthun

Krim på kartong

Privatdetektiv Ulf Ulvheim er blitt ein gjengangar på norske frukostbord i påsken. Bak historiene på mjølkekartongane står krimforfattar Gunnar Staalesen og Donald Duck-teiknar Arild Midthun.

  • Endret
KVEN STAL GULLEGGET?: I mjølkekartongkrimmen i år skal du finna ut kven som har stole eit påskegullegg. Kan det vera Bo Nesebjørn?
KVEN STAL GULLEGGET?: I mjølkekartongkrimmen i år skal du finna ut kven som har stole eit påskegullegg. Kan det vera Bo Nesebjørn?

I år må teikneseriedetektiv Ulf Ulvheim oppklara eit nytt påskemysterium. Nokon har nemleg stole eit gullegg.

Kan det vera Bo Nesebjørn? Guri Gaupe? Randolf Rev? Magda Mus? Eller Egil Elg? Litt mistenkjelege er dei, alle saman.

– Om du vil vita om du har gjetta rett, blir løysinga avslørt på påskeaftan, opplyser marknadssjef Linn Heidi Lunde i Tine.

Tine starta med mjølkekartongkrimmen i 1997. Så vidt Lunde kjenner til, er det ingen andre land som har noko liknande.

Mange kjende forfattarar

Påskekrim er trass alt ein så sær og heilnorsk tradisjon at det har skapt merksemd utanfor Noreg, mellom anna i Storbritannia. Dette skreiv Camilla Swift, journalist i magasinet The Spectator, for to år sidan i ein artikkel om nordisk krimlitteratur og norsk påskekrim:

– I Noreg har dei til og med påskekrim på mjølkekartongane! Og nokre av dei beste krimforfattarane i landet har skrive historiene.

Artikkelen held fram under biletet

 I FJOR VAR DET PETRA: Petra Polarrev prøvde i fjor å stikka av med den verdifulle Grunnlovspennen. Det klarte ho ikkje.
 I FJOR VAR DET PETRA: Petra Polarrev prøvde i fjor å stikka av med den verdifulle Grunnlovspennen. Det klarte ho ikkje.

Unni Lindell, Jon Michelet, Jo Nesbø, Anne Holt, Harald Rosenløw Eeg og Tom Egeland er blant dei som har forfatta «kartongkrim» for Tine.

– Ideen om påskekrim på mjølkekartongar er bra for forfattarane, som sikkert får ganske godt betalt. Men eg trur ikkje Tine sel éin einaste liter mjølk ekstra på grunn av desse påskemysteria. I novelleform synest eg påskekrim på mjølkekartong er kriminelt dumt, som teikneserie er det ein litt morosam gimmick, seier marknadsføringsekspert Trond Blindheim, rektor ved Markedshøyskolen i Oslo.

PÅ PÅSKEFJELLET: Ulf Ulvheim løyser påskemysteria på aude stader, til dømes eit høgfjellshotell der tjuven er ein av gjestene.
PÅ PÅSKEFJELLET: Ulf Ulvheim løyser påskemysteria på aude stader, til dømes eit høgfjellshotell der tjuven er ein av gjestene.

Linn Heidi Lunde understrekar at påskekrimmen handlar om meir enn å auka salet til påske.

– Me ynskjer å tilby norske forbrukarar ekstra spanande matopplevingar i høgtida, seier Lunde. Ho legg til at nettsidene til Tine aldri er så mykje besøkte som i påsken. Mjølkedrikkarane vil sjekka kven skurken er.

Må ikkje vera for lett

Mjølkekartongmysteriet i år er nummer 19 i rekkja. Og det kjem fleire. Tine har starta ein tradisjon dei ikkje har planar om å leggja vekk, forsikrar Lunde.

Dei siste fem åra er det Gunnar Staalesen og Arild Midthun som har stått bak krimgåtene. Staalesen er mest kjend for bøkene sine om privatdetektiv Varg Veum, medan illustratør Midthun er den einaste norske Donald Duck-teiknaren.

– Det er veldig morosamt å laga desse små historiene om Ulf Ulvheim. Den største utfordringa er at me har såpass liten plass å jobba med. Rundt ti teikneserieruter er ikkje mykje, og gåta må heller ikkje vera altfor lett å løysa. Me får ofte tilbakemeldingar om at barna finn løysingane raskare enn dei vaksne, fortel Staalesen, som også har skrive mjølkekartongkrim i novelleform.

Artikkelen held fram under biletet

DETEKTIVEN: Gunnar Staalesen fann på namnet Ulf Ulvheim, som er ein variant av Varg Veum, på 1970-talet. Sjå ikkje vekk frå at det om nokre år kjem lange historier med Ulvheim i hovudrolla.
DETEKTIVEN: Gunnar Staalesen fann på namnet Ulf Ulvheim, som er ein variant av Varg Veum, på 1970-talet. Sjå ikkje vekk frå at det om nokre år kjem lange historier med Ulvheim i hovudrolla.

No satsar Tine heller på teikneseriekrim enn novellekrim. Det er lurt, meiner Nils Nordberg, ein av dei fremste ekspertane på krimlitteratur i landet.

– Me må jo hugsa på at desse små krimforteljingane først og fremst er rekna for barn, som gjerne har stor sans for å løysa gåter. At dei gjer det samstundes som dei drikk mjølk ved frukostbordet, synest eg er både fint og pedagogisk. Ei morosam teikneseriestripe med eit utfordrande mysterium er eit lite bidrag til å utvikla den analytiske tenkinga til barna. Og både Staalesen og Midthun er blant dei dyktigaste i Noreg i faga sine, synest Nordberg.

Artikkelen held fram under biletet

PARODI?: I 2013 vart det hevda at Gunnar Gås minna mistenkjeleg om den kjende kunstmålaren Odd Nerdrum. Det var heilt tilfeldig, parerte Arild Midthun.
PARODI?: I 2013 vart det hevda at Gunnar Gås minna mistenkjeleg om den kjende kunstmålaren Odd Nerdrum. Det var heilt tilfeldig, parerte Arild Midthun.

Parodierer kjendisar

Plottet til mysteriet denne påsken vart klekka ut i september i fjor. Då møttest Gunnar Staalesen og Arild Midthun for å laga ei ny gåte. Handlinga må naturlegvis vera påskerelatert, og mysteriet skal vera av den ublodige sorten.

NOVELLEFORM: Påskekrimmen på Tine sine mjølkekartongar vart i 2010 skriven av Harald Rosenløw Eeg.
NOVELLEFORM: Påskekrimmen på Tine sine mjølkekartongar vart i 2010 skriven av Harald Rosenløw Eeg.

– Det blir fort eit mysterium av typen «lukka rom», der dei mistenkte til dømes er påskegjester på eit høgfjellshotell eller reisande på eit tog på veg til påskefjellet. Noko verdifullt blir stole. Og svaret på kven som har gjort det, ligg der ein stad – anten i teksten eller i teikningane, fortel Midthun.

Den verdifulle gjenstanden i år – eit påskegullegg – er eit hint til Peter Carl Fabergé sine juvelpryda påskeegg – dei vidgjetne Fabergé-egga. I historia er Bo Nesebjørn med. Han minner ganske mykje om ein populær norsk krimforfattar.

– Hehe. Ja, det var Gunnar som syntest me skulle ha med ei lita helsing til Jo Nesbø.

I samband med påskekrimforteljinga i 2013 vart det hevda at ein av figurane likna på Odd Nerdrum, men det var sjølvsagt heilt tilfeldig, smiler Arild Midthun.

PS: Midthun fortel at det sannsynlegvis – ein gong i framtida – kjem éin eller fleire lengre teikneseriehistorier med Ulf Ulvheim i hovudrolla.

FØRSTE TEIKNESERIE: Tine satsar no på teikneseriekrim framfor noveller. Arild Midthun teikna også den aller første, som kom i 2008. Her var DetekTINE helten.
FØRSTE TEIKNESERIE: Tine satsar no på teikneseriekrim framfor noveller. Arild Midthun teikna også den aller første, som kom i 2008. Her var DetekTINE helten.

(©NPK)
 

Til toppen