Ole Ramshus Sælthun kan forsikra at ein god del av persongalleriet i frå første boka er tatt med i den nye boka
Ole Ramshus Sælthun kan forsikra at ein god del av persongalleriet i frå første boka er tatt med i den nye boka (Bilde: Lærdal Næringsutvikling)

Krimoppfølgjar frå lærdalsforfattar

Ole Ramshus Sælthun frå Lærdal er aktuell med sin andre kriminalroman. Jotunheimens løyndommar II – Kameleonen skal vera mørkare og meir makaber enn første boka.

Lærdal: – Denne boka er mørkare og meir makabert enn den første boka, seier Ole Ramshus Sælthun til Sogn Avis.

Sælthun forklarar at mykje av handlinga føregår i Utladalen, og at Jotunheimens løyndommar II – Kameleonen er ein oppfølgjar til den første boka han gav ut for tre år sidan.

– På den eine sida er dette ei frittståande historie, på den andre sida er det parallelt noko som framleis ulmar etter det som skjedde sist gong, seier han til Sogn Avis.

Jotunheimen løyndommar

Jotunheimens løyndommar – Einstøingen blei utgjeven på eige forlag hausten 2016 og det blei selt om lag 650 eksemplarar. Denne veka henta han rykande ferske eksemplar av Jotunheimens løyndommar – Kameleonen hjå trykkeriet i Oslo. I første omgang har han trykka opp 700 stykk.

– Eg har fått ein del bestillingar allereie. Så får me tru at me klarar å få ut ein del no på haustmarknaden, seier Sælthun og siktar til haustmarknaden i Lærdal i helga.

Les òg: Haustmarknad med lokale smakar

Til toppen