VIL NÅ KRAVET: Kringkastingssjef i NRK, Thor Gjermund Eriksen, er klar på at dei skal «skjerpe seg».
VIL NÅ KRAVET: Kringkastingssjef i NRK, Thor Gjermund Eriksen, er klar på at dei skal «skjerpe seg». (Foto: NRK / Ole Kaland)

Kringkastingssjefen skuldar på korona for at NRK ikkje klarte nynorskmålet i 2020

For første gang på 50 år, klarte NRK i 2019 å nå kravet om 25 prosent nynorsk. I 2020 nådde dei ikkje opp.

– Her må vi ta rev i segla og skjerpe oss, seier kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen til NRK

Den endelege utrekninga for året viser at totalt 24,2 prosent av innhaldet til NRK var på nynorsk. Kun 17 prosent av det skriftlege innhaldet var på nynorsk. 

Kringkastingssjefen meinar at grunnen til at kravet ikkje vart nådd er koronaviruset og mange direktesendingar utan nynorsk tale. Han er klar på at dei skal «skjerpe seg».

Leiar i Kringkastingsringen, Inger Johanne Ruset, registrerer at NRK-sjefen legg noko av skulda på koronaviruset. Men ho meiner at problema stikk djupare enn som så.

– Ein skulle tru viruset råka språkformene nokolunde jamt, seier Ruset. 

– No ser det ut til at nynorsk er noko ein held på med på solskinsdagar og i medvind, men om det smell og buttar i mot, så fell ein ned på bokmål.

Løysinga er enkel

KRITISK: Leiar i Kringkastingsringen, Inger Johanne Ruset, meiner det er for dårleg at NRK ikkje klarte målet i 2020. Foto: Kringkastingsringen

Ruset meinar at den løysinga på det gjengåande problemet til NRK er enkel: tilset fleire nynorskjournalistar.

– Den ekstraordinære situasjonen har heller avslørt korleis det eigentleg står til i aktualitetsprogramma og i nettredaksjonane, seier ho.

– Om det var nok nynorskjournalistar i NRK, så ville ikkje denne situasjonen hatt så mykje å seia for nynorskprosenten.

Leiar ved Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, er skuffa. Sidan 2004 har ho sendt frå seg 165 nynorskbrukande journalistar frå mediesenteret i Førde.

– Vi sola oss kanskje for lenge i glansen av å ha klart 25 prosent etter 50 år, seier Øvrebotten til NRK.

Til toppen